Lokal | 20. sep. 2019

Vinglarar var venstrekøyrarar

Turistar frå Singapore blei stoppa i Os.

Vinglarar var venstrekøyrarar
Paret frå Singapore skulle til Stavanger, og fekk køyra vidare. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. sep. 2019 07:06

Torsdag fekk politiet melding om vinglete køyring nær Os sentrum.

Ein patrulje fann bilen, men førar var edru og hadde gyldig førarkort.

– Dei forklarte at dei ikkje var vane med å køyra på høgresida av vegen, i tillegg til at dei var turistar og ukjende i området, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Turistane er frå Singapore, eit av mange land i Asia som har venstrekøyring. Dei var på veg til Stavanger, og fekk køyra vidare.

Visste du at ...

• ein tredel av verdas befolkning køyrer på venstresida

• Storbritannia, Irland, Kypros og Malta er einaste europeiske land som framleis har venstrekøyring

• Sverige gjekk over til høgrekøyring i 1967, Island i 1968 (det blir spøkt med at svenskane starta med ei prøveveke der berre lastebilane køyrde på høgresida)

• Den franske revolusjonen og Napoleon påverka venstre- og høgrekøyring på kontinentet

Les meir om venstre- og høgrekøyring, og plassering av rattet i bil, på Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.