Vinn billettar til LOL-festen!

Laurdag skal 7 år med festival på Søfteland feirast med Datarock i Oseana. Her kan du vinna t-skjorte og inngang for to!

Datarock med litt boyband-parodi under Søfteland Rock N LOL i 2012. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2013 09:18

Det starta i 2007 og slutta i 2013. Søfteland Rock N LOL, Bergens beste festival, avslutta med stil, men den siste festen er ikkje over.

Laurdag skal Rock N LOL-arrangørane feira seg sjølv, saman med alle som vil, med Datarock på scenen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Måndag for seks dagar sidan, nesten to veker før festen, hadde vi selt 100 billettar. Til samanlikning hadde vi selt 300 billettar og pass fire dagar før årets festival, fortel Andreas Lindborg.

Han reknar med at han og broren William, og alle dei mange frivillige som har hjelpt til, får selskap med mange tidlegare festivaldeltakarar i Oseana.

– Datarock gler seg og vi gler oss, seier Lindborg.

Cockroach Agenda og Bone Shakers skal stå for oppvarminga.

Men før dørene opnar i Oseana er blir det vorspiel på Peppes med Jens Erik Aasmundseth (The Beauty og Major Parkinson) med kassagitar. Seinare er det nachspiel med gratis inngang på Catten til dei 150 første inn dørene på Oseana.

Vil du gratis inn også på Oseana kan du senda oss svar på spørsmåla under og du er med i trekninga av to billettar og ei Datarock-tskjorte.

1. Kva heiter Datarock-vokalist Fredrik til etternamn?
A: Hauge
B: Skavland
C: Saroea

2. Thomas Larssen speler bass og Kjetil Møster speler saksofon. Kva heiter trommisen i bandet?
A: Magne Lunde
B: Tarjei Strøm
C: Michael Hansen

OPPDATERT 18/9:
Svarfristen var 17/9 klokka 14. Vi fekk inn 38 svar og alle svarte rett, 1C og 2B!

Blant desse har vi trekt ut ein vinnar av to billettar og ei t-skjorte.

Vinnaren er Niklas Thuen Nilsen!

Sjå også videoen under og Midtsiden samleside; Søfteland Rock N LOL med ei rekke bildeseriar og videoar frå festivalane dei siste åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.