Kultur | 15. sep. 2010

Vinn Vestlandsfanden

Siste sjanse til å vinna to billettar til Vestlandsfanden. Vinnaren av forrige runde er trekt.

Vinn Vestlandsfanden
Andris Hamreonsdag 15. sep. 2010 10:34

Midtsiden.no har i samarbeid med arrangøren Nore Neset Dagane gleda av å dela ut totalt 6 billettar til Vestlandsfanden sin konsert i Nore Neset aktivitetshus laurdag 18. september.

Vi har allereie delt ut fire billettar, no står dei to siste for tur. Men først vinnaren av forrige konkurranse.

Då lurte vi på kva lokalt danseband Vegard Skorpen har skrevet låtar til.

Riktig svar er B - Frode Vidars.

Det var riktig nok to som trudde at Vegard har skrevet låtar for Ole Vidars og ein som meinte han hadde skrevet for Sven Ingvars.

- He, he, det har eg nok ikkje, seier Vegard Skorpen då vi ber han foreta trekninga blant dei 30 som har svara rett.

Vi ber Vegard velge et tal frå 1 til 30.

- Då seier eg 20, kjem det kontant frå Vegard som saman med bandet sitt skal varma opp for Vestlandsfanden laurdag.

Bak nummer 20 finn vi Ida Renate Askeland. Du vil bli kontakta av Morten Døsen i arrangementskomiteen. Midtsiden.no gratulerer!

Dei siste to
For å vinna dei siste to billettane må du svara rett på fylgjande spørsmål:

Kva heiter Vestlandsfanden sitt siste album og kva heiter vokalisten?

A: Livet Glade Plommer/Reidar Brendeland
B: Leite Etter Lykka/Aslag Haugen
C: Live Treungen/Sindre Aam

Svaret sender du til andris@midtsiden.no innan fredag 17. september kl 15.00.

Hugs å oppgi mobilnummer òg så blir det lettare for arrangørane å kontakta vinnaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.