Vinnar er kåra: Skal bygga turnkasse og klatrevegg på Kuventræ

Det er no bestemt kven som skal innreia og utvida Os Idrettspark.

Her kjem tilbygg med turngrop og klatrevegg. Bygget skal stå klart før sommaren 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. nov. 2020 10:44

Bjørnafjorden kommune skal innreia ledige lokale i dobbelhallen som sto ferdig hausten 2018 til kontor, og lokale som blei frigjort i 2. etasje i gamlehallen til kampsport.

Dessutan kjem eit tilbygg som var i dei opprinnelege planane, men som i siste sving blei tatt ut av prosjektet før anbodsrunde på dobbelhallen.

Dette skal inkludera turngrop/turnkasse og klatrevegg.

I vår fekk politikarane inn ei god nok budsjettramme til realisering. Seks firma leverte tilbod innan frist. I går blei vinnar kåra.

– Åsane Byggmesterforretning skal bygga turngrop og klatrevegg, og innreia kampsportlokale og kontor i Os Idrettspark, seier prosjektleiar Frankie Taule Gindl i Bjørnafjorden kommune.

Åsane Byggmesterforretning har i januar overlevering av ny politistasjon på Moberg, i Bjørnafjorden kommune, og vann nyleg anbodsprosessen på nytt parkeringshus ved Os ungdomsskule.

ÅBM er snart ferdig med politistasjonen på Moberg. Her i slutten av september. (Foto: Ørjan Håland)

God konkurranse

Byggearbeidet starta før nyttår og prosjektet skal stå ferdig i april/mai 2021. I framlegg til investeringsbudsjett har prosjektet ei ramme på 22 millionar kroner.

– Alle tilboda var innafor ramma, sjølv om denne ikkje var opplyst om i anbodet. Under ein million kroner skilte det billigaste og dyraste på fem av tilboda, fortel Gindl.

Dei andre som leverte tilbod var Leigland Bygg, Hent (som held på å bygga Borgafjellet barneskule på Hjelle), Næringshus, Donar og Bergenhus Bygg og Anlegg.

Tilboda blei rangert 80 % etter pris, 10 % etter gjennomføringsevne og 10 % etter tilbod/personell/cv.

– Åsane Byggmesterforretning var nest best på to av desse og best på pris, fortel Gindl.

No er det ti karensdagar før Bjørnafjorden kommune kan skriva kontrakt med ÅBM.

Forslag til ramme på prosjektet er 22 millionar. Alle tilboda var lågare i pris. (BF kommune)

Satsar på Os

– Det er veldig kjekt for bedrifta vår med nok eit oppdrag på Os. Vi har satsa på Os-marknaden dei siste åra, etter at vi bygde Os Sjøfront 2, og har fleire tilsette som bur på Os og mellom Os og Bergen, seier Frank Ståløy, dagleg leiar i Åsane Byggmesterforretning.

– Vi prøver å bruka lokale underleverandørar der vi er, og i Os har vi godt samarbeid med blant andre Lekven Entreprenør og Vestafjell. No passar det godt for oss å flytta mannskap frå Moberg til Os sentrum og Kuventræ.

– Kva erfaring har de med bygging av idrettsbygg?

– Vi har hatt mange store skulebygg med tilhøyrande gymsalar og fleirbrukshallar, som Natland skole, ein større skule på Askøy og høgskulen på Kronstad.

– Tilsette i Os Idrettspark har behov for utviding av kontor, kampsportutøvarar har lenge venta på eige lokale. Korleis blir prioriteringane på Kuventræ?

– Vi kjem nok til å jobba inne og ute parallelt. Det er noko krevjande grunnforhold ute, så det er viktig å koma tidleg i gang. I kontraktsmøtet med kommunen vil vi få informasjon om kva som skal prioriterast innandørs, seier Ståløy.

Kampsportlokalet skal snart gjerast ferdig. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.