MidtsidenCup - finalar - 2019

Vinnarane av årets MidtsidenCup

Sjå video og bildekavalkade frå gatecupen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag stilte 26 lag til gatecup i fire ulike klassar, 4 lag i dameklassen, 4 lag i herrar elite, 8 lag i herrar amatør og 10 lag i bedrift, som var slått saman med mix.

Fekk revansje i dameklassen

I dameklassen var det finale mellom Jeanett Borgen Kallekleiv sitt «Rekruttlandslaget» og Tonje Lindbom sitt lag «Ymse».

Ymse vann 2-0 i innleiande runde, men i finalen fekk Rekruttlandslaget revansje. Dei gjekk raskt i leiinga 2-0 og vann til slutt 5-0!

Rekruttlandslaget sin vinnartropp: Malin Heggland, Jeanett Kallekleiv , Vy Nguyen, Kristine Aasheim, Elin Nilsen Østnes, Kine Ulrikke Thorsvik, Nina Lunde, Mari Raugstad, Irene Wathne Kvernes, Maren Gjerde, Konstanse Haukeland, Aina Fagerthun, Elisabeth Elvsveen Frøyset  

Deli de Luca og Aarvik var best

I bedriftsklassen var det i utgangspunkt 7 lag, i mixklassen var det 3 lag. Saman blei klassen den største i årets cup.

Aarvik var suveren fram til semifinalen, der dei hamna under for Rådhuset, men snudde kampen og vann 2-1.

I finalen mot mixlaget Deli de Luca blei det jamt, men ei skåring på tampen gjorde at Deli de Luca stakk av med sigeren i den samanslåtte klassen.

Deli de Luca sin vinnartropp: Divaldo Cardoso, Adrian Valle, Christoffer Hevrøy, Malin Fosen, Vilde Hovland, Elin Aadnevik, Ole Petter Birkenes, Henrik Nathan Boge, Mattias Lund Rød, Bjarte Halhjem

Aarvik kan likevel kalla seg beste bedrift i MidtsidenCup i år!

Beste herrelag for fjerde år på rad

Både Aust om Elvo, T Ullrich og Vest om Bekken, seinare Vågshaugen City, kan bli sendt ut av historiebøkene av ein kameratgjeng som trener saman om søndagane.

I dag vann Sunday League Football klassen herrar amatør for fjerde år på rad.

Sunday League sin vinnartropp: Anders Kloven, Frode Lund, Remi Reiertsen, Fabian Reiertsen, Bjarte Skåtun, Stian Lunde, Tore Tveit, Johannes Vedelden, Andreas Berge, Christian Frugård, Jarle Børve, Eirik Skåtøy og Jacob Lassen.

Eliteklasse: Senior slo junior

Stian Kvåle har ikkje berre trent Os sitt damelag til opprykk, han har samla vinnartropp etter vinnartropp til MidtsidenCup sin hardaste klasse, utan å spela sjølv.

No er laget så samkjørt at manageren ikkje ein gong trengte å koma før premieutdelinga.

Kattakve vann alle dei innleiande rundane, men i finalen hengte Cage med ei stund.

Men dei eldste var best i lengda, Kattakve vann 5-2.

Kattakve sin vinnartropp: Alexander Dale, Marius Mikkelsen, Christian Mikkelsen, Simen Gjøvåg, Stian Dyngeland , Christoffer Hafsås, Aleksander Lindkvist, Børge Borgen, Erik Kanestrøm og Johannes Jordal.

Fleire saker