Vinnarhund i angrep
Regjerande noregsmeister Lars Moe frå Oslo var ustoppeleg, men fleire hundar frå Vestlandet gjorde det skarpt i det som kanskje er dei viktigaste øvingane.


Bildeserie:
Fredag og laurdag blei NM for patruljehundar arrangert i Os. 26 deltakarar konkurrerte i ulike øvingar, nokre i skog, utan publikum - men både på Kyrkjeflaten, grusbanen til ungdomsskulen, ved Rema 1000 Kuvenstasjon og ved Oselvarnaustet kunne sivile få med seg eigenskapane til patruljehundane.
- For det første er vi glad for den fine mottakinga vi har fått, av kommunen og andre vi har samarbeida med for å få dette til. For det andre har fått veldig gode tilbakemeldingar frå både deltakarar og publikum, så det treng ikkje bli så lenge til vi kjem til Os igjen, seier stemneleiar Ole Bjørn Brudvik.
Stødig tittelforsvarar
Lars Moe sin Bull vann NM, som han gjorde i fjor og i forsjor.
- Han har ein veldig god hund og vann med 700 poeng av maks 1000 oppnåelege.
Midtsiden.no fekk med seg Bull i aksjon på Kyrkjeflaten. Først skulle han ligga 5 minutt åleine, utan å veta kvar hundeføraren var. Det klarte han fint. Så var det marsj med venstre om, høgre om og holt, som også gjekk bra.
Værre gjekk det då han skulle leggja seg medan hundeførar var i marsj. Bull stoppa, men la seg ikkje heilt ned. Det gav null poeng.
- Dømminga er streng i slike konkurransar, det var faktisk einaste negative tilbakemelding frå publikum også, dei forsto ikkje kvifor det var så strengt.
Men med god score på mange andre øvingar heldt det til NM-gull også i år. På dei neste plassane kom:
2. plass: Anders Paulsen med Torx (Hedmark)
3. plass: Tove Moholt med Baktus (Oslo)
4. plass: Bjørn Rolland med Fero (Bergen)
Vestlendingar gode i felten
Bjørn Rolland og Fero blei beste hund på øvingane i skogen. Her gjorde også osingen Ronny Øvrebotten med Hajens Jack det bra, med 6. plass.
- Øvingane som ikkje var opne for publikum, dei som gjekk i skogen, liknar mest på det patruljehundane oftast blir brukte til. Derfor var det kjekt å sjå at hundane våre på Vestlandet gjorde det så bra nettopp her, seier Brudvik.
«Risikosport»
Det er ikkje Politiet, men polititenestemennene sjølv som eig hundane. Kjøpet, undehaldet og treninga sørgjer dei sjølv for, og det er slett ingen garanti for at hunden ein dag blir godkjent som patruljehund.
- Eg snakka med ein som på seks år har hatt 8-10 hundar, men ingen av dei har eigna seg. Han har brukt mellom 200.000 og 300.000 kroner av eigen lomme i forsøk på å få seg ein patruljehnd, men er framleis like langt, fortel Brudvik.
Det er tre typar politihundar, patruljehund, narkotikahund og bombehund - dei to sistnemnte er hundar også andre enn politiet har, for eksempel tollarar og kriminalomsorgen.
Ein hund kan tidlegast godkjennast som patruljehund når den er to år gamal, og skal seinare gjennom ny godkjenning annakvart år.
- Er det inntekter å henta når unden er godkjent og kan brukast operativt?
- Nei, det er nok ikkje det, bortsett frå eventuell overtid grunna utrykking. Men du får ikkje høgare timelønn sjølv om du har hund med deg.
- Men karrieremessig er det positivt å vera hundeførar, og dei med godkjent hund får kompensasjon for slitasje på heim og bil, og dei får dekka fôr og veterinærutgifter. I tillegg får vi trena hunden i arbeidstida.
Slaur skygga banen
Saman med gode publikumsopplevingar kan NM-arrangementet hatt fleire positive verknadar på Os denne helga.
- Vi fekk nokre tilbakemeldingar om at folk i det kriminelle miljøet i Os ikkje var å finna på dei faste plassane i sentrum denne helga. Eg veit ikkje kvar dei plar halda seg, men dei var nok urolege for at hundane våre skulle reagera på noko dei hadde i lommene, ler Brudvik.
Og patruljehundar kan fint oppdaga narkotika, sjølv om det ikkje er dette dei i hovudsak er trent opp til.
- Narkotikahundene har eige NM, kanskje er det desse som kjem til Os neste gong, seier årets stemneleiar, Ole Bjørn Brudvik.
Sjå bilde frå den staselege premieutdelinga på politiportalen.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.