Lokal | 25. feb. 2021

Vinterferien: Bjørnafjorden har andre smitteråd enn Bergen

Kven bør testa seg?

Vinterferien: Bjørnafjorden har andre smitteråd enn Bergen
Utsikt frå hytte i Ullsåk ved Hemsedal. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2021 13:52

I morgon er siste skuledag før vinterferien.

Bergen kommune har lagt ut anbefalingar for ferien. Blant desse er ei anbefaling om at ulike familiar søv på kvar sine soverom når dei er på hyttetur saman og at alle som har vore på reise i ferien testar seg når dei kjem heim.

– Vi har ikkje same anbefalingar i Bjørnafjorden kommune, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Er du sjuk, så ikkje reis. Føler du deg frisk når du kjem tilbake, så treng du ikkje testa deg.

– Men om du har vore i eit område som opplever stort smittetrykk mens du er der, bør terskelen vera låg for å testa seg når du kjem tilbake.

Bjørnafjorden kommune oppmodar òg reisande innbyggarar om å vera nøye med smittevern gjennom ferien, og å vera spesielt varsam på butikkar, restaurantar, heiskøar og andre stadar der det er fare for brot på avstandsregelen.

Skal du vera heime i ferien ser det ut til å bli finast vêr søndag og frå onsdag. Både laurdag, måndag og tysdag er det fare for regn, men berre nokre byger, ikkje samanhengande gjennom dagen.

Temperaturane skal ligga mellom 4 og 6 varmegradar, med svak vind gjennom helga og veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.