Lokal | 27. jan. 2012

Vippa rundt av vinden

Torsdag kom det friske vindkast over Os. No har vinden løya og meldingene for helga ser strøkne ut!

Vippa rundt av vinden
Denne pioneren låg rett veg torsdag ettermiddag. Fredag var den opp ned innanfor Haugsneset-moloen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2012 15:22

I førre veke fortalte nokre Midtsiden-lesarar om "synkande skute" innanfor Haugsneset-moloen.

Pioneren ville neppe gått ned, men i dag ligg den med baugen opp og påhengsmotoren ned.

Det var kraftige vindkast frå aust og høge bølgjer mot moloen torsdag.

Fredag har blitt ein stille, overkya dag på Os, og helga skal bli endå finare.

Det er meldt meir eller mindre skyfri himmel både laurdag og søndag, med rundt 4 m/s vind og 2 plussgradar laurdag og 1 minus på søndag.

Også neste helg skal bli solrik medan det i veka skal vera overskya og rundt 0 gradar.

Her ser du yr.no sitt langtidsvarsel for Osøyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.