Lokal | 09. feb. 2012

Vis ansvar og mot!

Lesarinnlegg om OHARA-plassering: Er det blitt slik at dei politiske partia sine utspel i innspurten av valkampen i haust var rein og skjær smisk?

Vis ansvar og mot!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. feb. 2012 09:24

Lesarinnlegg/ope brev til kommunepolitikarane i Os:

No må kommunepolitikarane vise ansvar og mot!

Viser til siste utspel frå kommuneadministrasjonen vedrørande innstilling om plassering av Ohara-anlegget i Kuhnlevika. Er det blitt slik at dei politiske partia sine utspel i innspurten av valkampen i haust var rein og skjær smisk? Flesk? Kall det kva ein vil, men dette skapar iallfall det motsette av både lojalitet, tillit og ikkje minst trua på demokratiet.

Har politikarane i Os MOT nok til å stemme imot dette framlegget?

Eg skjønar at det er administrasjonen som kjem med framlegget, og sjølv om eg er pessimistisk så har eg eit ørlite håp om at politikarane skal ta til fornuft. Har de ikkje merka all motstand og alt arbeidet som er lagt ned for å unngå at så mange menneske blir råka? Er det verkeleg berre 300-500,- ekstra i året for å få lagt anlegget lenger bort frå tettbygde strøk?

Ved å leggje Ohara til Kuhnlevika vil eit av dei finaste friluftsområda sentralt i Os bli liggjande midt i dritlukta, bokstaveleg tala.

Området er flittig i bruk av turgåarar, barnehage, bebuarar i området, og ikkje minst mange badegjester om sommaren. Konsekvensane her seier seg sjølv, noko eg meiner er svært trist. Eg er sjølv ”oppvaksen” i Tellevika, og har fram til no sett fram til mi eiga jente skal få bade og leike seg på den langgrunne sandbotnen som er der, klatre i trea og plukke kvitveis om våren i skogen rundt badevika.

Det står i uttalen frå dei eksterne konsulentane at dei ikkje tilrår bygging innafor influenssona – kva då med alle oss som nyleg eller langt tilbake allereie har bygd i området? Det står òg at det «berre» er Dagsenteret på Kuhnle som evt vil bli råka av luktproblem. Ikkje kom og fortel meg at vi som bur i omlag same avstand andre vegen ikkje vil merke noko til lukta. Eg merkar meg forresten òg at karta som kommunen brukar ikkje er oppdaterte – huset vårt er ikkje teikna på, som ein av dei næraste naboane til Tellevika og Kuhnlevika.

Når luktespesialist Karina Ødegård frå Oslo kjem to gonger til Os for å fortelje oss som bebuarar at «lukt er følelser» og at dei som tidlegare har reagert på lukta ved same eller tilsvarande anlegg, har reagert på «den opplevde lukta», ikkje den «REELLE» lukta, ja då misser eg mykje tiltru til dei som skal ha ansvar her (sitat frå møtet i Kløvertun, 9.6.11).

Lukt er lukt. Korleis vi oppfattar lukt kan sjølvsagt vere individuelt, men ikkje fortel meg at kloakklukt luktar noko anna enn nettopp det.

På siste fellesmøte i Kløvertun, 9.6.11, vart det vist til avisreportasjar frå Trondheim der ein hadde same/liknande type anlegg.

Sitat: «Lukta er verst når det er finvær» og «... ekstra ille på godværsdager».

Treng eg sei meir? På kva dagar er det vi ønskjer å bruke badeviker og friluftsområde generelt? På kva dagar er det vi ønskjer å bruke tid i hagar og på terrassar?
Det er ikkje så enkelt å sei at influenssona stoppar HER, lukta går ikkje lenger.

Eg ønskjer òg å få med korleis dette kjem til å påverke Mobergsvika, som skal rustast opp og Oseana med ein flott terrasse ute. Lukta vil kome hit òg, det er eg overbevist om – det er berre rett rundt neset frå Kuhnlevika. Hugs kva de som politikarar sjølv har sagt – de må tenkje i eit hundreårsperspektiv.

Kva skjedde med open dialog og informasjon ut?

At media skriv om administrasjonen sine planar berre dagar før saka skal opp i formannskapet og kort etter i kommunestyret stiller eg meg svært undrande til. Har ikkje vi bebuarar noko vi skulle ha sagt? Er det verkeleg med viten og vilje at informasjon ligg tungvindt til og kjem seint ut, slik at vi får lite tid til å reagere?

Eg håpar politikarane tek til fornuft, ein må då framleis kunne tru at fornufta skal sigre, og at utspel ALLE dei politiske partia i Os kom med i valkampen ikkje berre er tomme ord.

Eg ønskjer òg med dette å invitere både administrasjonen og dei politiske partia heim på terrassen vår, så skal vi sjå om de framleis meiner av vi som bebuarar rundt Tellevika og Kuhnlevika ikkje vil bli råka av ei evt. Oharaplassering der. Det er berre til å ta kontakt, eg håpar de tek utfordringa for de er hjarteleg velkomne!

Anne Solberg Andersson
Brothaugen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.