Marthe, Christoffer og Ole Tobias (foto: KVB), trofee, Liverpool-feiring og Lucas Moura (foto: Kerim Okten, Phil Noble, Matthew Childs/Scanpix).

Viser Champions League-finalen i Oseana

Fjordfolk lager fest med konkurransar og lokalt panel før vising på kinolerret.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag 1. juni barkar, etter mirakuløse semifinalar, Liverpool og Tottenham saman i Champions League-finale på Wanda Metropolitano i Madrid.

Liverpool har vore i finalen åtte gongar før (5 sigrar og 3 tap), seinast mot Real Madrid i fjor. Utgangspunktet før andre semifinale var likevel ikkje det beste. Med 0-3-tap for Barcelona såg det heile avgjort ut, men The Reds vann heile 4-0 på Anfield. Tottenham tapte 0-1 for Ajax i første semifinale, men i andre og avgjerande semi sette Lucas Moura sitt tredje for dagen, på overtid, og sendte Tottenham til sin første Champions League-finale nokosinne. 

– Vi Tottenham-fans lever på denne semifinalen enno, seier Christoffer Kobbeltvedt frå det nystarta eventselskapet Fjordfolk.

Christoffer har tre gongar tidlegare sett Champions League-finalar i Colosseum kino i Oslo, og fekk kollegaen sin Marthe Kristensen med seg på å laga ei ekstra stor samling av supportarar og fotballinteresserte i Os.

– Det nærmaste du kjem å sitja på tribunen

Christoffer sin kollega har omtrent den same type fotballinteresse som Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Eg er ikkje ein fast supportar, men eg elsker å sjå gode fotballkampar. Då Solskjær overtok United teikna eg abonnement, då dei byrja å gjera det dårleg sa eg opp, fortel Lindeberg og ler.

– No er eg veldig glad for initiativet, det er alltid ei glede å bruka kulturhuset vårt til nye ting.

No går Oseana og Oseana Kafé og Restaurant inn som medarrangør med Fjordfolk. Oseanasalen har 490 sete (mot 485 i KP1 på Bergen Kino).

– Å sitja i ein kinosal og sjå fotball er nok det nærmaste du kan koma å vera på tribunen. Alle ser like godt, det er super lyd i heile salen, og du sit saman med mange andre. Eg gler meg allereie, seier Christoffer.

Billettane til Champions League-festen i Oseana blei lagt ut fredag kveld.

Konkurransar, premiar og lokalt fotballpanel

Ved sidan av å kjøpa lisens til å visa finalen til publikum, jobbar Fjordfolk intensivt med å laga ei festleg ramme på sendinga.

– Restauranten er open, og det blir servering før og under kampen, men vi ønskjer ei familievenleg atmosfære. Før kamp blir det både konkurransar med premiar, der vi har fått inn nokre fine fotballeffektar, og vi skal ha eit panel med folk frå os som kan litt om fotball.

Dagleg leiar i Nore Neset il og lokalpolitiker Eirik André Hesthamar har takka ja til å vera konferansier, Fana-trenar Ørjan Håland, rektor og lokalpolitiker Børge Lunde og reisebyrågründer Knut Fjellvang blir blant gjestane i panelet.

I dialog med Catten

– Vi var først i dialog med den etablerte sportsbaren Catten Nightclub, men dei har allereie mange bestilte bord til denne kvelden, fortel Marthe. 

Bjarte Andersen på Catten seier til Midtsiden at den lokale Liverbirds-klubben har bestilt ein del plassar, men at alle skjermar er i drift, og at han har plass til fleire, uansett kven dei heiar på.

– Eg synest berre det er kjekt at Fjordfolk jobbar vidare med dette. Litt konkurranse blir det nok denne kvelden, men det er fint at dei er med på dra opp interessa for å sjå fotball saman med andre.

Fleire saker