Kultur | 04. apr. 2022

Viste at dei fortener plassen i 1. divisjon

Os Musikkforening nøgde med NM-resultatet.

Viste at dei fortener plassen i 1. divisjon
Frå Før-NM-konserten i Oseana tysdag i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. apr. 2022 10:43

Tysdag i førre veke var det generalprøve med Før NM-konsert i Oseana, med reservedirigent og tre-fire musikarar i manko.

– Vi ønskjer å takka Oseana for optimale øvingsfasilitetar, og Karl Ole Midtbø, som 2,5 time før generalprøven steppa inn som dirigent. Dette trur eg ikkje mange andre dirigentar hadde gjort, men gjennomkøringa var veldig viktig for oss, seier musikar og styremedlem Paul J. Valle.

Bildeserie og video:

Les ògGeneralprøve redda av generalsekretær

Fredag ettermiddag spelte dei programmet sitt for juryen i NM janitsjar i Trondheim.

Dirigent Magnus Brandseth var tilbake og Os Musikkforening var også komplett med musikarar.

Dirigent Magnus Brandseth, her under julekonserten i Os kyrkje i 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dirigent Magnus Brandseth, her under julekonserten i Os kyrkje i 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

94 korps deltok fordelt på åtte divisjonar.

Os Musikkforening vann 2. divisjon i 2019, og rykte opp til 1. divisjon.

Dei har ikkje spelt i 1. divisjon sidan 1980-talet, og har som mål å etablera seg i divisjonen.

Hamna på 8. plass

Etter to år med pandemi og ingen NM, skulle dei endeleg prøva å forsvara plassen.

Norges Musikkorpsforbund hadde på førehand bestemt at ingen kunne rykka ned i år, sidan korpsa har hatt ulik sjanse til å øva i pandemien.

Os Musikkforening landa på 8. plass av 10 korps som deltok.

Det er i alt 13 korps i divisjonen, men det var tre som ikkje stilte.

– Dette er vi veldig nøgde med! På ein maks-dag kunne vi nok tatt eitt eller to poeng til, men dette ville uansett vore godt nok til å halda seg i divisjonen, seier Valle.

Resultatliste, 1. divisjon:

1. Sarpsborg Musikkorps 96
2. Stavanger Musikkorps av 1919 95
3. Borge Musikkorps 94
4. Skjold Nesttun Janitsjar 93
5. Nittedal og Hakadal Musikkorps 91
6. Sandefjord Musikkorps 89
7. Alvøens Musikkorps 88
8. Os Musikkforening 87
9. Asker Musikkorps 85
9. Byneset Musikkorps 85

Valle er spesielt imponert over dei yngste musikantane.

– Ei god handfull av oss var med i 1. divisjon også på 1980-talet, resten var debutantar. Nokre av dei er veldig unge, og framleis i skulekorpset, andre har nyleg blitt senior.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.