Kultur | 15. mai 2011

Viste Noregs største

Laurdag, i samband med European Solar Days, var det omvising på Oseana, som har dobbelt så stort solcelleanlegg som Operaen i Oslo.

Viste Noregs største
Andris Hamresøndag 15. mai 2011 08:21

I samband med European Solar Days laurdag inviterte Grieg Arkitekter og Norsk solenergiforening interesserte til ei omvising på Oseana med spesiell vekt på solcelleanlegget.

- Med 463 kvaderatmeter er solcelleanlegget på Oseana det største i Noreg og dobbelt så stort som dei to nest største, fortalte Jeffrey Graves frå Grieg Arkitekter.

Dei nest største anlegga finn du ved Operaen i Oslo og på eit forskningsbygg på Fornebu.

Del av signaturen

Graves, som har vore ansvarleg arkitekt for integreringa av solscellene i fasaden,, fortel vidare;

- Vi ville at solcellene skulle bli ein del av signaturen til Oseana Kunst- og kultursenter.

Solcelleelementar har ein fast størrelse, 1580x808x45 mm, og veg 15,5 kg per element.

- Dei har hatt ein tung jobb dei som har montert anlegget, smilar Graves då han syner anlegget fram.

- Det blir alltid nokre justeringar frå det ein planlegg. Derfor la vi inn fleksibilitet rundt mellomanna vindauga slik at vi kunne justera utsjånaden på fasaden med beslag rundt vindauga.

Tre dummies

Berre éin stad fungerte ikkje den planen heilt som tenkt.

- Der brua kjem ut frå bygget såg vi etterkvart at feltet med beslag blei for diger, samstundes som det var eit område kor solcellene ikkje ville fange noko sol. Difor kjem det 3 dummyelement der, forklarar Graves.

19 sløyfer

Dei 363 panela er knytt saman i 19 forskjellige sløyfer som går inn til omformarar i kjelleren på bygget kor likestraumen frå solcellepanela blir gjort om til vekselstraum og leia inn i straumnettet.

- Ein av grunnane til at det er delt opp i sløyfer er at om eit panel ikkje produserar straum, så stoppar ikkje heile anlegget opp, men berre den aktuelle sløyfa, forklarar Graves.

Forbildeprosjekt

Oseana har av Enova fått status som Forbildeprosjekt for kulturbygg i Noreg. Med solcelleanlegget og varmepumpa som nyttar sjøvatn til oppvarming og avkjøling skal installasjonane redusere energibruken med 2/3 sammenlikna med tradisjonelle kulturhus.

- Solcellene aleine skal produsere omlag 20% av straumbehovet i bygget.

- Eit mål er at solcellene skal produsera det som trengs av straum for å drifta varmepumpene, seier Graves.

Prosjektet har fått 1,5 millioner kroner i støtte frå Enova.

Fakta om anlegget

  • 363 solcellemoduler – dekkjer 463 kvaderatmeter
  • Installert effekt: Til saman 65 kW peak, kvar solcelle 175W peak
  • Forventa el-produksjon: 45 000 kWh/år
  • Ved full drift er anlegget forventa å dekkje omlag 20 % av beregna totalt el. behov i bygget. Anlegget dekkar først og fremst Oseana sitt eige forbruk, men skal òg kunne levera el til el-nettet om det i periodar produserast meir elektrisitet enn Oseana trenger sjølv.
  • Høgeffektive solceller med ein virkningsgrad på 13,7 %, forventa levetid 25 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.