Sverre Lunde Pedersen, her då han tok VM-gull i Inzell, vann 1500 meter under VM allround i kveld. (Foto: KOG)

VM allround: Sverre vann 1500-meteren!

Ligg framleis på 2. plass samanlagt før kveldens 10.000 meter.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sverre Lunde Pedersen låg på 2. plass samanlagt etter 3. plass på både 500 og 5000 meter laurdag.

I kveld gjekk han 1500 meter i siste par mot Patrick Roest, som framleis leiar i samandraget.

Sverre Lunde Pedersen vann framfor Roest på 2. plass og Sven Kramer på 3. plass!

– Eg hadde eit lite feilskjer, men det gjekk bra. No må eg i kjellaren for å jaga ned tida før siste par på 10.000 meter, seier Sverre til NRK.

Sverre går i 3. av 4 par, mot Douwe de Vries. I paret etter kjem Roest mot Kramer.

4. plass til Henriksen

Sindre Henriksen tok 4. plass og legg seg på 5. plass i samandraget.

– Eg gjorde det litt spennande i går, men er veldig nøgd med 1500-meteren, og at eg no skal gå 10.000. Det var det som var målet, seier Henriksen.

Ni av dagens utøvarar betra persen sin, mens Sverre gjekk inn på 1.43,11, tre hundredelar bak eigen bestenotering frå Salt Lake City i november 2015.

Klokka 22.25 i kveld sender NRK2 den avgjerande 10.000-meteren.

Sånn ser topp 5 ut samanlagt før siste distanse:
1. Patrick Roest
2. Sverre Lunde Pedersen +4,54
3. Sven Kramer +18,26
4. Douwe de Vries +29,50
5. Sindre Henriksen + 50,14

Fleire saker