Sport | 19. aug. 2013

– VM gav meirsmak

Arne Veim Haugland var eit halvt poeng frå medalje i VM i dødsing i Oslo i helga.

– VM gav meirsmak
Eit av VM-hoppa til Arne. (Foto: Edward Knai Nilsen/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. aug. 2013 21:00

Det var i desember i fjor at den lokale atleten Arne Veim Haugland kvalifiserte seg direkte til finaledagen (1/4-finalen) i VM i dødsing, i eit arrangement i Osbadet som han sjølv sto bak.

Sjå bilde og video frå Osmeisterskapen i dødsing.

I sommar har han førebudd seg på verdsmeisterskapen i stupe-stilarten, som oppsto i Frognerbadet på 60-talet, ved å stupa frå klipper i stillas rundtom i Os.

Sjå bilde og video frå Arne i trening.

I helga var det tid for VM i Frognerbadet.

På 5. plass etter første runde

Fredag kveld stilte rundt 60 deltakarar frå Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland til innleiande rundar.

Arne slapp denne runden, han var allereie blant dei 30 førehandskvalifiserte til finaledagen.

– Laurdag var det min tur, og etter første runde låg eg på delt 5. plass.

Osingen kom lett vidare til semifinalen, der han bomma han litt i satsen.

– Å stupa frå tårn på 10 meter var litt uvant, men sidan kvartfinaleresultatet blei sått saman med semifinalepoenga var eg samla sett på 7. plass og blant dei 10 som gjekk til finalen.

Prøvde ein gong til

Den uredde osingen prøvde semifinale-stupet pånytt, med ein liten vri, og denne gong med betre klaff.

Dermed blei det poeng nok til 4. plass.

– Det var litt surt å vera 0,5 poeng bak 3. plass og 1 poeng frå sølvmedalje.

Arne fekk 43,5 av 50 moglege poeng. Vinnaren, Filip Julius, fekk 47 poeng.

– Men det var kanongøy og eg er allereie klar for VM 2014, seier Arne Veim Haugland.

Her kan du sjå VG-innslag frå VM i dødsing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.