To VM-medaljar til Markus!
Markus imponerte i VM i vassjet og tar sølv og bronse med heim frå Las Vegas.


Denne veka har VM i vassjet blitt arrangert i Lake Havasu, ein by som ligg to timar kjøring sør for Las Vegas i den amerikanske delstaten Arizona.
Markus Slettebakken frå Os fekk 8. plass som junior i 2009 og 6. plass som senior i VM i fjor på same innsjø.
I år var målet plass på pallen, og det klarte han to gongar!
– Eg er veldig nøgd, seier Markus til Midtsiden.
I år konkurrerte han mot 400 deltakarar frå 40 nasjonar.
Bronse i amatørklassen
Slettebakken var førstemann ut i amatørklassen, klassen der alle stiller med originale vassjetar, der det også er lov å kjøra 4-takt.
– Eg hadde ikkje problem med å kvalifisera meg til finalen og kom på 2. plass i første heat. Men i dei to neste heata blei det 3. plass og då blei det også 3. plass totalt.
Sølv i slalåm
Markus er også nøgd med eigen innsats i slalåmklassen. I denne klassen var han også litt heldig.
– Sjølv om det var litt vind valte eg å starta tidleg. Etter første dag låg eg på 2. plass, og neste neste dag bles det meir, så ingen klarte å slå tida mi.
– I slalåmklassen stiller også proffane, dei med trimma jet, og eg hadde rekna med at nokre av dei ville slå meg. Men i vinden på dag to blei eg ståande på 2. plass.
Ramla av
Det store vassjet-talentet frå Os hadde også sjanse til medalje i 2-takt standardklasse.
Der starta han med siger i kvalifiseringa og 3. plass i første heat. Men med fall og 6. plass i siste heat blei det 4. plass samanlagt.
– Heldigvis redda lagkameraten min Stian Schjetlein Noregs ære og blei nummer 2. Eg er også nøgd med at trenaren min, Ronny Mangerud, blei verdsmeister for proffane i 2-takt-klassen.
– Eg kjørte også den klassen, men blei ståande igjen på startstreken i første heat, og endte til slutt på ein 9. plass.