To VM-medaljar til Os

Os Handbakklubb stiller med fem deltakarar i VM i Italia. I dag var første osing i sving, og det enda med to medaljar.

Kjetil Vasby Bruarøy
10. september 2009 - 22:42

Arne Thuen vann i dag to sølvmedaljar i VM i handbak. Thuen deltar i 90 kg master, og hadde nokre tøffe kampar før finalane, som begge gjekk mot amerikanarar.

Årets VM i handbak går i Rosolina di Mare i Italia. Os stiller med heile fem utøvarar, Frode Veim Haugland, Are Strønen, Øyvind Birkeland, Tore Matre og Arne Thuen.

Arrangementet varar frå 6. til 13. september. Midtsiden.no kjem tilbake med meir.

Les meir om

Handbak Sport