VM-sølv til Arne - knalldebut av Lasse
Osingane gjorde det skarpt i døds challange på Tjuholmen i dag.

Bildeserie:
I dag blei VM i dødsing arrangert i Oslo. Arne Veim Haugland og Lasse Styrvoll frå Os var blant dei kvalifiserte deltakarane.
Arne tok bronse i 2018. I dag kopierte han prestasjonen i 2015 og vann sølv!
– Det gjekk fint å ta seg til semifinalar, og så var det duellar fram til finalen. I finalen så prøvde eg på ein molberger i høg fart, men fekk ikkje god nok sats.
– Eg kjente i lufta at eg ikkje hadde nok rotasjon, så då handla det berre om å landa på ein nokolunde grei måte, seier Arne.
Resultat, herrar
1. Emil Lybekk
2. Arne Veim Haugland
3. Filip Julius Devor
Resultat, damer
1. Ingrid Eriksen Bru
2. Lina Galaasen Lund
3. Annetter Weum
Knalldebut av Styrvoll
Lasse imponerte på Tysnes Døds Challange og Bergen Døds by Bula i fjor. VM-debutantet landa på 9. plass av 24 deltakarar.
– Eg følte det gjekk bra, men ser på videoen etterpå at eg landa litt på sida. Det var nok det eg blei trekt for.
– Det hadde sjølvsagt vore kjekt å koma til duellane, men eg er ikkje bitter for å vera éin plass unna. Det er mange flinke deltakarar frå inn- og utland, så eg er nøgd med niandeplass, seier Lasse.
Arne og Lasse, som køyrer heim saman i morgon, hadde på førehand spøkt om korleis bilturen kunne bli, om ein av dei slo ut den andre i duell.
No ligg det an til å bli ein fredeleg tur - men først er det fest! Deltakarane er i skrivande stund på veg til «after-døds».
Arrangementet blei sendt direkte på VG og YouTube. Her ser du den litt over to timar lange sendinga.
(Artikkelen held fram under videoen)
VM blei i år, for første gong, arrangert utanfor Frognerbadet, der stupestilen blei forma sommaren 1972 av Erling Bruno Hovden (seinare gitarist i Raga Rockers).
I staden blei det dødsing på ein stad folk blei henretta på 1600-talet; Tjuholmen, som frå 2005 til 2014 blei rusta opp med museum, hotell, restaurantar ogg kontorbygg rett sør for Aker Brygge.
– Det var usikkert om Frognerbadet ville vera ope på denne datoen, grunna smitteverntiltak. Utan publikum var det dessutan betre for TV-produksjonen å ta det her.
Ved sidan av dykkarar og båtfolk som passa på deltakarane, var det vaktar på land på motståande brygger som passa på at folk sat med passeleg avstand til kvarandre.
– Eg synest det blei eit knallbra arrangement, både med utslåing etter innleiande runde, og med dødsing frå Tjuholmen og ut i Oslo hamn, seier Veim Haugland.
Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.