Politi | 09. des. 2025

Vogntog fekk problem i Lepsøyvegen

Eit utanlandsk vogntog fekk stans og sperra eit felt i Lepsøyvegen.

Vogntog fekk problem i Lepsøyvegen
Føraren var i gang med å reparere bilen då politiet kom. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 09. des. 2025 08:20

Måndag ettermiddag kom politiet over eit utlandsk vogntog som hadde stansa i Lepsøyvegen.

Føraren, ein mann i 40-åra, var i gang med å reparere køyretøyet på eiga hand.

Vogntoget blokkerte det eine feltet, og det førte til redusert framkome.

– Patruljen blei verande på staden for å dirigere trafikken, fortel Anne Lyssand, politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Samstundes blei det bestilt bergingsbil for vogntog.

Politiet held fram med manuell trafikkdirigering til vogntoget var henta og vegen igjen var fri.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.