Lokal | 20. jan. 2019

Vondt i ryggen i Kyrkjetunet på fredag

Mange slit med dårleg rygg - denne gjengen har det som hobby.

Vondt i ryggen i Kyrkjetunet på fredag
På fredag kan du få Vondt i ryggen i Kyrkjetunet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 20. jan. 2019 19:51

Bildeserie:

Nils Midtseter bur i eit hus, seier han sjølv. Andre vil seia ein kulturverkstad. (Foto: KOG)
Nils Midtseter bur i eit hus, seier han sjølv. Andre vil seia ein kulturverkstad. (Foto: KOG)
Her er Anne Solberg innom og strammar opp bandet før fredagens konsert. (Foto: KOG)
Her er Anne Solberg innom og strammar opp bandet før fredagens konsert. (Foto: KOG)
– Edvard Bjørnevik på mandolin, og Kate Jordan Larsen på fiolin er to av gjestene på fredag. (Foto: KOG)
– Edvard Bjørnevik på mandolin, og Kate Jordan Larsen på fiolin er to av gjestene på fredag. (Foto: KOG)
Møbel kan vera så mangt. Vegard Hodneland og Nils Midtseter gler seg til den musikalske mimringa på fredag. (Foto: KOG)
Møbel kan vera så mangt. Vegard Hodneland og Nils Midtseter gler seg til den musikalske mimringa på fredag. (Foto: KOG)
1 av 4
Nils Midtseter bur i eit hus, seier han sjølv. Andre vil seia ein kulturverkstad. (Foto: KOG)
Her er Anne Solberg innom og strammar opp bandet før fredagens konsert. (Foto: KOG)
– Edvard Bjørnevik på mandolin, og Kate Jordan Larsen på fiolin er to av gjestene på fredag. (Foto: KOG)
Møbel kan vera så mangt. Vegard Hodneland og Nils Midtseter gler seg til den musikalske mimringa på fredag. (Foto: KOG)

Det går framleis ei vandrehistorie om då bandet «Gratis øl» spelte på ein utestad i Bergen. Om innsalet «Vondt i ryggen i Kyrkjetunet på fredag» trekk like mykje folk som «Gratis øl på Garage på fredag», kan diskuterast, men bak bandnamnet «Vondt i ryggen» finn du ei god historie om kaffi, og eit ønskje om å hjelpa til.

Det byrja med Ondt i hodet

– Det heile tok til for om lag 10-11 år sidan. Dette fortel Nils Midtseter, trommeslagar og husvert.

Meir om husvert-rolla seinare.

– Meg og Knut Inge Johnsen var begge engasjert i ungdomsarbeidet i Kyrkjetunet, og vi ville arrangera ein rockeverkstad. Rock i Kyrkjetunet er jo friskt nok berre i namnet, og etterkvart utvikla det heile seg til ein rockegalla.

– Eigentleg skulle vi vaksne berre vera til stades som vaktar, men brått skulle vi spela to låtar òg. Eitt av dei unge banda som spelte den kvelden hadde det noko spesielle namnet «Ondt i hodet». Vi kunne ikkje vera dårlegare, berre litt eldre, så der vart «Vondt i ryggen» skapt.

– Og eg hadde jo vondt i ryggen då, skyt bassist, Simon Bjørnevik inn.

Forkledd Band Aid

Bandet, gjengen, kollektivet, eller innsamlingstiltaket om du vil, speler aldri for eiga økonomisk vinning.

– Dette gjer vi til inntekt for Kyrkjetunet, og då til KIT - Kultur i Tunet.

– Vi var om mogleg dei første som spesifikt gav eit tilskot til reisinga av den nye storsalen, fortel Midtseter.

– Etter den eine konserten vi hadde, gav vi dei 9000 kronene vi hadde spelt inn, og sa: «gå i gang og bygg!»

– No skal det seiast at dette er ei sosial greie òg, fortel pianist, Vegard Hodneland.

– Den største utgiftskjelda i bandet er kaffi, og det seier vel sitt om kva som ligg i botn her. Musikk skal vera sosialt, og for oss handlar det ikkje om perfeksjonisme, men om kva vi saman får til. Å sjå, og høyra at vi skapar glede og reaksjonar hos publikum, er noko vi verdset høgt.

Når det gjeld billettprisar, køyrer bandet «Pay as you go-løysing». Med andre ord; du betaler det du vil - på vegen ut.

Korleis hamna vi her - veien til Vondt i ryggen.

På dei snaue 10 åra dei har spelt saman, har bandet arrangert Bob Dylan-kveld og gospel-kveld, dei har spelt på frivilligfest og keltisk kveld, men på fredag er tid for eit tilbakeblikk på eigne liv. Konserten har sjølvsagt fått namnet: «Veien til Vondt i ryggen».

Midtseter fortel at alle medlemmene i bandet har fått velja to songar kvar.

– Dette er songar som for kvar einskild har vore med og definert oss som menneske og som musikarar. La oss seia at det er ein ubeskjeden presentasjon av musikalske opplevingar i ungdomen. Publikum vil mellom anna få høyra kjende, og ukjende låtar frå Bob Dylan, Creedence Clearwater Revival, Waterboys, Simon & Garfunkel, John Mayer, Blind Willie Johnson og Monica Zetterlund.

Fleire av låtane vil bli framført med gjestevokalistar - dette for å gjera det heile endå meir sosialt, og for å få konstruktiv kritikk.

– Gjestevokalistane er gode å ha med. Dei strammar oss opp, seier Hodneland. Vi er i ein posisjon kor turnéliv, og dette som heiltidsgeskjeft ikkje er aktuelt lenger. Av og til kjem vi på øving og innser kor mykje vi burde ha øvd sidan sist, mens realiteten er ein heilt annan. Då er det kjekt å få inn oppstrammarar i form av gjester. No skal set seiast at vi med har blitt gode på dynamikk som band. Såpass ærlege må vi vera om oss sjølve.

Unikt hus

Med øvinga sånn nokolunde i mål, får vi nokre ord med husverten mens han ryddar saman kaffikoppar og syt for at alle får ein «snakkast!» med på vegen ut i kvelden.

– Du bur her, Nils. Er dette ein heim eller eit øvingslokale?

– Det er her eg bur, og eg er så heldig at eg har gode naboar, kjem det diplomatisk tilbake.

– Dei fleste veit at du er ein mann med mange talent innan kulturfeltet; kor mange band-konstellasjonar har du innom stova di?

– Skal vi sjå, vi har Steppin Out-gjengen, Kvint-gjengen, Jazz-gjengen, Fusion-gjengen, Old Timers-gjengen …

Her dett artikkelforfattaren litt av, når pennen ikkje skriv fort nok. Men poenget med spørsmålet er understreka.

– Ja, og så kjem jo det nokre fusingar på besøk av og til når dei skal ha musikk-kafé.

– Bortsett frå dei prosjekta der, dett det jo inn eitt og anna ad-hoc prosjekt i ny og ne.

Sterkt møte med Pink Floyd

Med huset tomt, fortel Midtseter kvifor han har vald Pink Floyd sin «Hey You» frå «The Wall» som éin av låtane på fredag.

Det vert ei personleg historie om ei boble frå 1965, gymnastid, Ingemar Stenmark, og eit vegval som skulle vera med og definera Midtseter vidare i livet.

På fredag kan du sjølv få høyra låta i Kyrkjetunet. Kanskje fortel han historia til publikum der?

Vondt i ryggen er: Simon Bjørnevik, Øystein Hetlevik, Vegard Hodneland, Knut Inge Johnsen, Kjell Inge Drønen, og Nils Midtseter.

Oppstrammarar på gjestevokal er: Anne Solberg, Kari Torsvik, Tore Bjarne Dahl og Leif Østrem.

I tillegg gjestar Kate Jordan Larsen på fiolin, og Edvard Bjørnevik på mandolin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.