Jakt, fiske og natur | 09. juli 2024
Vurderer å opna for laksefiske i august
– Vi håper på godt innsig framover.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. juli 2024 23:03
Ein lang prosess er ved vegs ende, og Osvassdraget har fått sjanse til gjenopning, då etter lokalt forvaltningslags vurdering, opplyser grunneigarlaget i dag.
– Vi set stor pris på god dialog med Norske Lakseelver, direktoratet og andre aktørar i denne prosessen, uttaler formann Roald Helle.
Det blir presisert at Osvassdraget ikkje blir opna for fiske før tidlegast 1. august.
– Endeleg vurdering blir tatt siste veka i juli. Vi håper på god oppgang i tida som kjem!
– Er det allereie observert noko oppgang av laks?
– Ja, heldigvis. Det har fått nokre gode stimar opp.