Lokal | 16. okt. 2012

Vurderer Havfest-støtte

Festspela vil ha Havfest, men kva vil kommunen? Tysdag ba ordføraren om signal frå Formannskapet.

Vurderer Havfest-støtte
Kanskje kan Heidi Tronsmo igjen kle seg som Guri Kunna om Havfest får nypremiere under festspela i mai 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 16. okt. 2012 13:44

Glenn Erik Haugland og Opera Omnia har fått forespørsel frå festspela i Bergen om å setje opp Havfest på nytt i Oseana i mai 2013. For å få til dette treng ensemblet omlag to millionar kroner.

- Vi er omlag halvvegs til målet og jobbar vidare med å skaffe fleire midlar, fortel Haugland.

Treng raskt svar

Førebels har Havfest fått støtte frå fylkeskommunen og private sponsorar. Tysdag lufta ordførar Terje Søviknes (Frp) søknaden kommunen har fått på bordet.

- Vi har fått ein søknad på 550 000 kroner. Eg tykkjer det er litt høgt, vi har ikkje handlingsrom innan formannskapet sitt disposisjonsfond, men ønskjer å høyre kva formannskapet meiner, innleia Søviknes.

Søknaden fekk kommunen eigentleg i vår, men den har lagt på vent då det har vore knytta usikkerheit omkring om dei Opera Omnia hadde kapasitet til å setje opp framsyninga.

- No er signala at dei har det, og det er litt tidskritisk, forklarte Søviknes i møtet.

- Vi må bestemma oss i løpet av månaden om vi trur vi kjem i hamn økonomisk, fortel Glenn Erik Haugland til Midtsiden.no når vi kontaktar han etter møtet.

Vanskeleg kost/nytte

På spørsmål frå Jon Sivert Rykkel (V) og Eirik Neverdal (TvS) kunne ordføraren orientere om at ein såg for seg fire framsyningar og at ein hadde budsjettert med 70% solgte billettar, noko som ville utgjera omlag 250 000 kroner i inntekter.

- Denne måten å bruke så mykje kommunale midlar trur eg ikkje vi kan vera med på.

- Det er for mykje til for lite, meinte Lars Atle Skorpen (Ap).

- Det er andre grupper i kommunen som treng desse midla meir. Eg slit med å finna kost/nytta for kommunen.

Bidro sist

Han fekk delvis støtte frå Espen Aspenes (Frp).

- Eg vil ikkje avvisa søknaden med ein gong, men søknadssummen synast noko høg.

- Bidrog vi med noko til den førre framsyninga, undra Aspenes.

Sidan Havfest var ein del av opninga av Oseana kunne ordføraren stadfesta at ein bidro betydelig i den samanhengen. Kor mykje kommunen deltok med kunne han ikkje ta på strak arm, men meinte beløpet var betydeleg høgare enn det som det no blei søkt om.

- Eg har tatt signala frå formannskapet, og kjem tilbake med ein eigen sak, konkluderte ordførar Terje Søviknes.

Ikkje avhengig av kommunen

Når Glenn Erik Haugland høyrer om formannskapets skepsis er han raskt klar på at dei ikkje er avhengige av kommunen.

- Vi håpar sjølvsagt at dei vil støtta Havfest, men jobbar på vidare for å finna andre løysingar.

- Om dei bidreg med ein lågare sum enn vi har søkt om, så kjem det godt med.

Premiere med kongeparet?

Signala frå festspela er at dei legg opp til at nypremiera på Havfest skal bli ein del av opningsarrangementa til festspela og at kongeparet skal vera aktuelle gjestar.

- Havfest, kombinert med ei Osbygd på sitt vakraste i vårleg blom, må jo vera den beste måten å visa fram bygda på, avsluttar Haugland som har tru på oppsetjing i mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.