Lokal | 04. feb. 2015

Vurderer motsegn

Fylkeskommunen har vesentlege merknadar til reguleringsplanane på Bjånes og vurderer å tilrå motsegn.

Vurderer motsegn
Bjåneshalvøya sett frå lufta i 2012 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 04. feb. 2015 10:04

I november godkjente plan- og bygningsutvalet med 5 (Frp/H) mot 4 (Ap/Sp/TvS) at tre planer for utbygginga på Moldegård-Bjånes kunne leggast ut til offentleg ettersyn.

Planane legg opp til at Bjånes Fjordboliger AS skal få dispensasjon frå rekkjefølgjekrava inntil dei 200 første bustadene er bygd på Bjåneshalvøya.

Les òg: Ber om disp frå gang- og sykkelveg

Blant instansane som skal uttala seg i saka er Hordaland fylkeskommune.

Ber om drøftingsmøte

I ein epost datert 19. januar varslar fylkeskommunen at dei har merknadar til planane.

«Hordaland fylkeskommune har vesentlege merknader til planforslaget. Vi vurderer å tilrå motsegn. Grunngjevinga er omsynet til samferdsel, areal og transport, folkehelse og barn- og unges interesser....»

«...Vi ber no om:
1. Drøftingsmøte med kommunen så snart som råd.
2. Utsett frist til 26. mars 2015 (Sjå Rundskriv T-2/2003 frå Miljøverndepartementet punkt 3.4).», heiter det i e-posten frå administrasjonen i fylkeskommunen.

I sitt svar til fylkeskommunen skriv Os kommune at fylkeskommunen får utsett frist og at ein ber om at dato for drøftingsmøtet blir avtalt etter høyringsperioden for eventuell samordning av merkandshavare.

Vil kunne ta tid

Saksbehandlar i fylkeskommunen ønskjer ikkje å uttala seg konkret om kva merknadar dei har til planen, eller om det faktisk blir aktuelt å innstilla på at det skal fremjast eit motsegn.

Om det blir ei slik innstilling må fylkesrådmannen tilrå dette til ressurs- og kulturutvalet i fylkeskommunen, som i neste omgang handsamar det politisk og eventuelt kjem med motsegnet.

Dette vil å så fall få saka til å trekka ut i tid. Utfallet av eit motsegn vil vera at kommunen ikkje kan eigengodkjenna planane uten at dei rettar seg etter motsegna frå fylket.

Om dei ikkje gjer det vil saka kunne gå til mekling, noko som, etter det Midtsiden forstår, ikkje er vanleg i områdeplanar eller reguleringsplanar. Sist ein plan gjekk til mekling i Os kommune var då arealplanen for kommunen skulle godkjennast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.