Næringsliv | 16. aug. 2016

Wallendahl flyttar ut av Os

Knappe to år etter opninga legg Wallendahl ned butikken på Amfisenteret.

Wallendahl flyttar ut av Os
Wallendahl fekk ikkje den ønskja lønnsemda i butikken på Os og flyttar no ut av Amfi Os (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 16. aug. 2016 08:35

I slutten av november 2014 opna Wallendahl sin åttande butikk, Wallendahl på AMFI Os var den nest største i den bergensbaserte kjeda.

Dei siste vekene har butikken vore dekorert med plakatar som seier flyttesal. Regionssjef i Amfi Drift AS, Solveig Oksholm Hunhammer stadfestar at leigekontrakten er gått ut og at Wallendahl ikkje skal flyttast internt i senteret på Os.

– Dessverre har vi dei ikkje med oss vidare. Vi har likt å ha Wallendahl her, men må no sleppa andre til i lokalet, seier Hunhammer.

Kjem nye inn

Kven som skal inn i lokalet kan ho førebels ikkje seia.

– Men eg kan avsløra at det ikkje blir ståande tomt, verken der Wallendahl no rundar av eller lokalet som Foss Ur flytta frå for ikkje så lenge sidan.

Etter kjedekonkursen hos CMYK flytta Lysthuset over gangen mens Foss Ur flytta nokre meter og inn i lokalet Lysthuset flytta ut av.

– Vi har fleire interessenter og har to nye leigetakarar på gang, seier Hunhammer.

Ikkje som forventa

Administrerande direktør Vibecke Nøttveit i Wallendahl fortel at manglande omsetning og lønnsemd er bakgrunnen for nedlegginga.

– Vi må dessverre legge ned butikken på Os, då vi ikkje fekk forventa omsetning og lønnsemd.

– Er det aktuelt å etablera seg andre stader på Os, eller å koma tilbake til Os på eit seinare tidspunkt?

– Vi ser ikkje etter andre lokaler på Os nå. Når det gjeld framtida, så skal ein aldri seie aldri. Kanskje kan det bli aktuelt ved ein seinare anledning, men nett no vil vi konsentrera oss om dei lønnsame butikkane, seier Nøttveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.