Wallendahl til Os
Handelshuset Wallendahl AS opnar butikk på Amfi Os i slutten av november.
For berre ein liten månad sidan blei det kjent at MEKK-butikken på Amfi Os måtte stengje dørene.
Allereie torsdag denne veka tek nye drivarar over lokala for å opna den ellevte butikken til Wallendahl AS.
– Dei var raskt på banen og kasta seg rundt då lokalet blei ledig.
– Wallendahl opna i førre veke ny butikk på Voss og opnar i slutten av månaden her på Amfi Os, smiler senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
Kjøpte innreiinga
Etter MEKK-konkursen har bubestyraren hatt rett til å disponera lokalet i fire veker. Den fristen går ut på onsdag.
– Allereie torsdag tek Wallendahl over lokalet.
– Dei har kjøpt butikkinnreiinga frå dei som kjøpte konkursbuet.
– Så det å få butikken opp å stå vil gå mykje raskare enn om dei måtte ha bygd den opp frå botn, fortel Tøsdal.
Passa midt i blinken
Tøsdal legg ikkje skjul på at ho er nøgd med at det er Wallendahl som kjem inn på senteret.
– Det passar midt i blinken.
– No kjem det ein butikk med eit enno større vareutval enn det MEKK hadde, med verktøy, maling og liknande.
Wallendahl AS er eit av Bergens eldste og mest tradisjonsrike handelshus. Selskapet har i dag 10 butikkar og omset for omlag 100 millionar kroner årleg innan jernvare, maling, kjøkkenutstyr, gåverartiklar med meir.