Lokal | 18. juni 2009
Wasper stolen i Askvik
Denne Askeladden 565 Wasper er meldt stolen i Askvik.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2009 13:32
Ein gong mellom tysdag ettermiddag og onsdag klokka 13 blei ein båt stolen frå Askvik kai. Ein Askeladden Wasper låg til flytebrygge ved Båtens Beste, men er no vekke.
Eigaren har sjølv kontakta midtsiden.no, og ber vitne ringa lensmannskontoret om dei har sett båten eller noko som kan ha med tjuveriet å gjera. Os lensmannskontor når du på 56 30 39 00.
Fakta
Båt: Askeladden 565 Wasper
Farge: Kvit og blå
Modell 2008
Skrog identifikasjonsnummer: NO-ASK94210A808
Secure ID merke/registreringsnummer: N3015294S
Motor: Mercury Verado 150 HK
Serienummer:OP533809
Securemark nummer: N418602S