Fotball | 11. mai 2024

Wawrzynkiewicz blei matchvinnar

Lysekloster snudde dagens bortekamp mot Sotra. Også neste kamp er lokaloppgjer.

Wawrzynkiewicz blei matchvinnar
Han plar stå for mange innlegg, men akkurat her mot Vard Haugesund, og i dag, borte mot Sotra, gjekk Marceli Wawrzynkiewicz for avslutting. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. mai 2024 13:58

Lysekloster slo i dag Sotra 1-2 på bortebane.

Sotra tok leiinga i 40. minutt. Sotra stilte utan osingen Kristoffer Røttingen, men med tidlegare Lysekloster-kaptein Tobias Heltne Alme frå start. Men det var Eirik Kjørsvik som skåra.

Innbytar Dirirsa Gamachis utlikna for Lysekloster i 73. minutt, høgreback Marceli Wawrzynkiewicz, som kanskje var beste Lysekloster-spelar etter keeper i onsdagens NM-drama mot KFUM, sikra tre poeng med skåring i 82. minutt.

Wawrzynkiewicz har 3 mål på 53 kampar for Lysekloster.

Sotra - Lysekloster 1-2 (1-0)

Mens dei ventar på NFF-uttale på KFUM sitt regelbrudd i NM-runden mot Sogndal kan Lysekloster førebu seg på 17. maifeiring.

Neste kamp er først tysdag 21. mai.

Også den er lokaloppgjer, då tar dei imot Brann 2, som har 6 poeng på 5 kampar. Osingen Magnus Spangelo Haga, som gjekk til Brann i vinter, har 1 mål på 1 kamp for Brann 2 til no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.