Debatt | 17. okt. 2025

What’s in it for Os?

DEBATT: Kva er det som gjer at eit fleirtal ser ut til å meina at det vil tena osingane å stappa inn eit enormt tårn av eit hotellbygg på ei altfor lita tomt?

What’s in it for Os?
Hotellet sett frå Peppes Pizza-området. Ill: Grieg Arkitekter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. okt. 2025 09:05

Hotellsaka opprører mange, og mykje er skrive og sagt om dei store ulempene bygginga av ein diger hotellkoloss på ein liten parkeringsplass vil medføra for mange osingar.

Eg kan nemna fortvila naboar, som vil missa utsikt og som dramatisk får redusert verdien av eigedommane sine, kulturskulen, som vil bli kasta ut av lokala sine, og alle brukarar av Mobergsvika og kulturhuset Oseana (dei fleste i Os, altså) som vil måtta tola dårlegare tilkomst og krevjande parkeringstilhøve.

Eg har likevel ikkje så langt fått klart for meg på kva måtar dette byggeprosjektet skulle ha nokon fordelar for lokalsamfunnet.

At det er fordelaktig for utbyggarane å få etablera 200 hotellrom midt i «indrefileten» av Os sentrum, er jo heilt opplagt, men kva er fordelane for oss som bur her på Os?

Kva er det som gjer at eit fleirtal i kommunestyret ser ut til å meina at det vil tena osingane å stappa inn ein enormt tårn av eit hotellbygg på ei altfor lita tomt? Det måtte jo kunna gå an å finna ei tomt som faktisk var stor nok, viss ein prøvde, for eksempel i Endelausmarka?

Nokre store fordelar for lokalsamfunnet må det jo vera, sidan sterke krefter i kommunestyret ser ut til å insistera på ei utbygging trass i dei heilt opplagte og svært store ulempene for mange osingar.

For det er vel først og fremst innbyggjarane sine interesser dei folkevalde er sette til å forvalta?

Kan nokon svara meg på dette enkle spørsmålet: «What’s in it for us» her på Os?

Reidunn Hernes

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.