WiFi-suksess i sentrum
Gratis trådløst nett i sentrum har blitt ein suksess.

I starten av august var kommunen sitt gratis wifi-nett i sentrum oppe og gjekk. Nettet som har fått namnet «Os sentrum Free WIFI» dekkjer store delar av sentrum med sendarar montert i Brugata (Sparebanken Vest/Gründerparken), på Sælen (Jernia) sitt bygg og rundt rådhuset.
– Utan at eg har vore på vandring for å testa, vil eg tru at 90 prosent av Os sentrum har god dekning. Rekkevidda strekk seg òg eit stykke ut i hamna, fortalde næringssjef Daniel Skotheim i august.
1708 påloggingar
No har Skotheim fått besøkstala frå leverandøren Simp.
– Totalt hadde vi heile 1708 påloggingar i august. Så langt i september har vi hatt vel 1400 påloggingar.
– Det har vore 600 unike brukarar som har logga seg på gratisnettet. Eg vil påstå at dette er ein meget god start, og eit heilt tydeleg tegn på at dette var noko folk ønska seg, avslutter Skotheim.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.