Næringsliv | 20. feb. 2019

William Lindborg gir seg som leiar i Os sentrum

Har fått ny jobb i Fusa.

William Lindborg gir seg som leiar i Os sentrum
William Lindborg takkar denne våren for seg som leiar av Os Sentrumsforening. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. feb. 2019 08:43

I november 2016 blei det klart at William Lindborg skulle overta etter Geir Amundsen som leiar for Os Sentrumsforening.

To år etter at han starta i jobben har han no sagt seg opp.

– Eg blei oppmoda om å søkja på ei spennande stilling i eit firma her i heimbygda, seier søftelendingen, som no bur i Eikelandsosen med kone og to born.

Frå detaljhandel til oppdrett

William skal no byrja å jobba for Lift Up AS, eit firma som utvikler og produserer utstyr til oppdrettsbransjen.

– Dei søkte i utgangspunktet etter ein serviceingeniør, så eg hadde ikkje sett for meg at det kunne vera noko for meg. Men stillinga inneber fleire oppgåver, frå det praktiske til marknad og sal, seier Lindborg, som er utdanna innan økonomi.

Lift Up AS var med omsetnad på over 44 millionar kroner blant dei 20 største selskapa i Fusa kommune og blant dei 10 med best driftresultat (8,7 mill i 2017).

To innhaldsrike år

Lindborg gjekk frå jobben som administrativ leiar og produsent for BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival), ein jobba han hadde frå 2013 til 2017, då han blei sjef i Os sentrum.

I sentrumsforeininga har han vore med i sluttfasen av den store oppgraderinga Os kommune har gjennomført, med nytt dekke, baldakiner og torgbygg på Øyro. Han har òg vore med på å starta Torgfesten, som i år blir arrangert for tredje gong, hatt relansering av Osløpet og døypt Marknadsdagane om til Osdagane, eit utvida kulturarrangement med Oseana på laget.

– Det har vore to innhaldsrike og spennande år i Os. Det eg har sett mest pris på er alle eg har blitt kjent med, spesielt medlemmane og samarbeidspartnarane, men òg mange av dei eg har møtt som utstillarar og gjestar.

– Men då denne stillinga dukka opp ville eg gripa sjansen, seier William, og legg ikkje skjul på at pendling mellom Fusa og Os er noko han synest er greit å sleppa.

– Det blir 45 minutt kvar veg. Eg skal nok reisa litt i ny jobb òg, men det blir ikkje pendling frå veke til veke.

– Ein god mann i ein viktig periode

Styret i sentrumsforeninginga blei orientert før helga, i kveld møter William dei 35 medlemmane i sentrumsforeininga.

– William har gjort ein flott jobb. Han er ein flink og hyggeleg type som skaper gode relasjonar, og som eg trur mange har blitt veldig glade i, seier styreleiar Jon Sivert Rykkel.

– Han har vore leiar i ei viktig tid med fleire moderniseringstiltak, ikkje berre på gateplan, men i korleis medlemmane i foreininga framståt på nett og i sosiale media. I tillegg har han gjennomført ei rekkje svært vellykka arrangement, ikkje berre handelsrelaterte, men aktivitetar som har skapt gode opplevingar i sentrum.

Dato for siste arbeidsdag i Os sentrum er ikkje bestemt, men Lindborg kjem uansett til å gjennomføra Vårsleppet 27. april.

– Det kan bli ein overlapp der eg jobbar litt begge stadar. Det blir òg opp til styret å finna ut av. Eg vil nok òg vera med å bidra under Torgfesten i slutten av mai, anten erstattar har kome på plass eller ikkje, seier William, som er svigerbror til medarrangør Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.