Næringsliv | 01. des. 2011

XL-Bygg til Os

Etter 13 år i Bygger'n skiftar Os Byggsenter AS kjede til XL-Bygg.

XL-Bygg til Os
Stig Atle Gjøvåg er framleis uniformert med Bygger'n logo, men frå mars er det XL som tel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. des. 2011 09:03

Frå mars 2012 endrar Os Byggsenter kjede frå Bygger'n til XL-Bygg.

– Vi hadde ein intern gjennomgang av samarbeidsavtalen i fjor vinter, og inviterte då fleire kjedar til samtale. Årsaka til gjennomgangen var at vi hadde ønskje om å fornya oss og om å stå betre rusta mot framtidig skjerpa konkurranse, seier dagleg leiar Stig Atle Gjøvåg.

– Vi har hatt eit langt og godt samarbeid med Bygger'n, men resultatet av gjennomgangen var at vi fann XL-Bygg best eigna for vår butikk.

Frå Hiba Hus til Blink Hus

Avtalen med Bygger'n er sagt opp og i mars er oppseiingstida over.

– Dato er ikkje sett, men vi skiftar over til XL-Bygg i mars. I omprofileringa blir det også ei oppgradering av butikken og nokre endringar på trelasthandelen, seier Gjøvåg.

Utanom nytt namn, ny profil og enkelte nye merker blir det nye huskatalogar frå Os Byggsenter. Hiba følgjer Bygger'n ut dørene, inn med XL-Bygg kjem Blink Hus, etablert i 1967.

Bustadar, både frå eigen katalog og huspakkar etter kundar sine teikningar, er viktig varegruppe for Os Byggsenter. Berre i 2011 sel dei rundt 20 "huspakkar", komplette materialpakkar til bustadbygging.

Selte for 54 millionar i fjor

Os Byggsenter AS blei stifta i 1989 og er eigd av Bøe & Lepsøy AS (70%), Pondus Holding AS/Dag Eide (15%) og Lepsøy Eiendom AS/Morten Arvid Hansen (15%).

Os Byggsenter hadde ein omsetnad i 2010 på 54,6 millionar kroner, mot 51,4 året før. Årsresultatet blei på rett over 1 million kroner, om lag det same som i 2009.

Bygger'n-kjeden er eigd av E. A. Smith AS og tel rundt 110 butikkar i Noreg.

XL-Bygg blei i 2005 innfusjonert i Nordek AS saman med Blink og Hellevik Hus. Nordek AS er medeigar i Scandek, den største kjedesamanslutninga innan trelast og byggevarer i Norden, med over 270 butikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.