Næringsliv | 03. des. 2015

Xtra komfortabel vinter

BilXtra opplever vekst i Os - og byr no på teknologi som både held bilen din varm og varslar deg om nokon låner den eller køyrer for fort.

Xtra komfortabel vinter
Butikksjef Regine Malkenes og dagleg leiar i Vest Bilutstyr AS, Bjørn Aarlie, merker at vinteren har kome. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. des. 2015 12:05

Bildeserie:

Avansert utstyr frå Defa.
Avansert utstyr frå Defa.
Med Defa Link kan du styra varmen frå mobilen og spora bilen din i kart.
Med Defa Link kan du styra varmen frå mobilen og spora bilen din i kart.
1 av 2
Avansert utstyr frå Defa.
Med Defa Link kan du styra varmen frå mobilen og spora bilen din i kart.

– Vi har merka at vi har fått ein liten smak av vinter, ja! Vi har allereie selt kjettingar og jekk, men det går mykje i småvarer, isskraper og skraper med vott, for dei som ikkje vil bli kald på fingrane.

– Min favoritt er issprayen, den er utruleg effektiv om det ikkje er snø, berre is på ruta, seier Regine Malkenes hos BilXtra Os.

Regine hadde fleire år bak seg innan sal av bilutstyr då ho i mars 2012 blei butikksjef i nystarta verksemd i Jordmorsvingen i Os.

Styrer bilen frå mobilen

Er du opptatt av meir komfort kan du sjølvsagt kjøpa deg ein kupévarmar for nokre hundrelappar. Men enkelte tar det endå fleire steg.

– Vi har frå det enklaste, med kupévarmar og tidsur, til eit system som handlar om mykje meir enn varme.

Toppmodellen er Defa Link som kan kjøpast i delar eller komplett. Med full pakke styrer du varmen frå ein app på mobiltelefonen og kan enkelt justera kor tid bilen skal vera varm, anten du vil stilla klokka frå sengekanten eller frå ein flyplass.

– I tillegg har Defa Link eit tracking-system som gjer at du alltid veit kor bilen er. Du kan setja opp eit digitalt gjerde rundt bilen og bli varsla om den blir køyrd ut av dette gjerdet, om den er lånt eller stolen, noko som er praktisk både for bilforhandlarar som låner ut bilar og foreldre som har ungdom med sertifikat.

– Du kan òg, utanom posisjon merkt av i kart, få varsel om farten bli høg, for eksempel om nokon køyrer bilen fortare enn 80 eller 100 km/t.

Over budsjett

BilXtra Os er ei avdeling av Vest Bilutstyr AS, som både har BilXtra på Kokstad, skal opna BilXtra på Leirvik og fungerer som grossist til verkstadar.

– Vi var lenge interessert i å starta på Os og såg på nabolokalet før andre kom oss i forkjøpet, fortel dagleg leiar i Vest Bilutstyr AS, Bjørn Aarlie.

Selskapet har ein omsetnad på oppunder 50 millionar kroner. På Os nærmar dei seg 5 millionar.

– Butikken på Os fekk, som slike butikkar ofte får, ein litt trong start. Men no går den bra og vi ligg over budsjett.

– Meir mekking enn tryggleik

Malkenes fortel at småutstyr, verktøy og spesielt slitedelar er bestseljarane.

– Det er tydeleg at det er mange som er flinke til å skru sjølv her i Os, anten det er snakk om bil, båt eller traktor.

Takboksar og barnesete er også i utvalet.

– Når det kjem til barnesete er eg litt overraska over at ikkje vi har større volum. Vi har bra utval og testvinnarar i hyllene. Kjeda har fokus på tryggleik, men førebels er ikkje dette blant varene som går mest av hos oss.

Sjølv om kundane er mest opptatt av mekking køyrer ho i år, for første gong, søndagsope i tråd med Os Sentrumsforening sin plan.

– Også vaksne er glade i harde pakkar, seier butikksjefen, som sjølv er bursdagsbarn i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.