Ymsedamer og MS Midthordaland på Vedholmen
Feirar 20 år som galleri med storfint besøk av Oddvar Torsheim.
På laurdag er det duka for ei heilt spesiell opning på Vedholmen Galleri i Øyane.
I sitt 20. år som galleri inviterer Vedholmen til ei grandios utstillingsopning med ingen ringare enn den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim og utstillinga «YMSEDAMER».
Frå provokatør til Bibelen
Frå å vera ein provokatør, som til tider blei anklaga for å vera pornografisk, er Oddvar Torsheim i dag nærast å rekna som folkeeige, skriv Vedholmen Galleri i ei pressemelding.
Torsheim famnar vidt - om både unge og gamle, til både venstre og høgre politisk. Torsheim sine verk er kjøpt inn til mellom anna Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet, i tillegg til ei rekkje andre samlingar.
Torsheim har hatt utsmykkingsoppdrag og gjeve ut musikk og illustrerte diktsamlingar. Ikkje minst vart han nyleg brukt som illustratør på på omslaget til nyutgjevinga av Bibelen.
Det er skrive fleire bøker om og med Torsheim sin kunst; mellom anna av Jon Fosse, Einar Økland og Lars Elton.
Dei siste åra har Torsheim kvar veke lagt ut nye damer på Facebook-sida si, noko dei 27.000 følgjarane har sete stor pris på.
Motiva til Torsheim reflekterer nye og gamle bekymringar i samfunnet, Facebook, kroppsfiksering, kjærleik, utroskap, MeToo, politikk, naturvern, abortsaka, parforhold, regn og sol.
(Artikkelen held fram under biletet)
Midthordaland med som kunstpause
Til laurdagens opning kjem sjølvsagt Torsheim sjølv. Han får følgje av MS Midthordaland, som flyttar seg få meter frå sin faste kaiplass på Sundøy og bort til brygga ved galleriet.
Ifølgje galleriet kan publikum då veksla mellom å sjå utstillinga i romslege formar, og ta ein «kunstpause» om bord i båten.
Opningstale vert med Per Morten Morten Ekerhovd som er Fylkesdirektør kultur, idrett og inkludering. Tale for dagen vert halde av forfattar Einar Økland, og det blir i tillegg song ved Annika Beinnes og Jorunn Torsheim.
Det er første gang Oddvar Torsheim stiller ut på Vedholmen Galleriet vårt, noko dagleg leiar, Vibeke Harild er særs stolt over;
– Det kunne ikkje ha vore ein betre måte å feira 20-årsdagen vårt på, med med ein stor flott visuell bukett fra denne folkekjære kunstnaren!
YMSEDAMER inneheld teikningar og litografiar, og du kan sjå utstillinga fram til 19. juli.