Lokal | 17. aug. 2012

Zachrisen blir sjef i Lyseparken

Prosjektstyret for Lyseparken har nyleg tilsett Cato Zachrisen som utviklingsdirektør for området.

Zachrisen blir sjef i Lyseparken
Cato Zachrisen. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. aug. 2012 09:13

Lyseparken, Os kommune sitt komande næringsareal i Endelausemarka, har fått direktør.

Zachrisen har bakrunn frå eigedomsbransjen og kjem no frå stillinga som eigedomssjef for Entra Eiendom AS med ansvar for deira portefølje i Hordaland og Stavanger. Han er 38 år, busett i Fjell kommune og tar til i stillinga 1. november.

– I Entra har Zachrisen mellom anna arbeidd med større utviklingsprosjekt, og samla har han alle føresetnader for å lukkast i arbeidet med å utvikla Lyseparken til det nye kraftsenteret for næringsetablering i Bergensregionen, skriv ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding i dag.

Lyseparken ligg i Endelausemarka ved ny trase for E39 Os-Bergen, og målsetjinga er å opparbeida næringsområdet parallelt med vegprosjekt i perioden 2013-18. Os kommune står som hovudeigareigar av området og nyleg blei 500 mål regulert til næringsføremål retta mot storhandel, kontor og industri/lager.

Os kommunestyre har oppnemnd følgjande prosjektstyre for utvikling av Lyseparken;

• leiar Terje Søviknes (Os kommune),
• sivilarkitekt og planleggar Tore Jensen (OPUS)
• Lasse Færøvik (marknadsføring og eigedomsutvikling)
• kommunalsjef Karl Ole Midtbø (Os kommune)
• dagleg leiar Ottar Randa (Os Bygg og Eigedom AS)

Cato Zachrisen vil rapportera direkte til prosjektstyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.