Lokal | 26. nov. 2014

Frå krav til dispensasjon

Korleis kunne Frp på tre år gå frå bastant krav om gang- og sykkelveg til dispensasjon frå det same rekkefølgekravet?

Frå krav til dispensasjon
Finst det andre alternativ enn Midtbøvegen som midlertidig gang- og sykkelveg frå Hauge til Klyva? (Flyfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. nov. 2014 10:33

Fleire har reagert kraftig på at plan- og bygningsutvalet torsdag i førre veke gav dispensasjon frå rekkefølgekravet på Bjånes.

Bjånes Fjordboliger AS kan på visse vilkår få bygga inntil 200 bustadar (av 1200 som det er opna for i kommunedelplanen) utan først å bygga gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

Reaksjonar har kome i form av lesarbrev, Kven styrer utbygginga i Os? spør Bjørg og Alf Strønen, som bur på Bø, Tillitsbrot? skriv Dag Eide.

Eide viser til sitat av både ordførar Terje Søviknes (Frp) og den gong leiar for plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp), i 2011, der begge presiserer at det ikkje blir byggestart før gang- og sykkelveg er på plass langs Hatvikvegen (FV 552) frå Hauge til Bjånes.

Kva endra seg frå 2011 til 2014?

Då kommunedelplanen for Bjåneshalvøya blei godkjent i kommunen på slutten av 2012 blei det lagt inn fleire rekkjefølgjekrav, mellom anna eitt om at gang- og sykkelveg langs fylkesveg 552 Hatvikvegen frå Hegglandsdalskrysset til krysset ved Bjånes Vest (Klyva), skal vera opparbeidd seinast før den første bustaden er innflyttingsklar.

Os FrP vil allereie no avklara eit viktig tilhøve som vi opplever at mange er oppteken av: Fremskrittspartiet vil krevja full utbygging av ny gang- og sykkelvegtrase Hauge-Bjånes når utbygginga på Bjånes tek til, skreiv Gustav Bahus i dette lesarinnlegget i august 2011.

– Kva har skjedd, når de gjekk så hardt ut for tre år sidan, og no må lempa på krava?

– Vilkåra endra seg kraftig! fortel Søviknes.

– Prisen på tiltaket gjekk opp frå 20-30 millionar kroner til 320 millionar kroner.

I samband med områdereguleringa for Hatvikvegen, som ikkje er ferdig, men blei lagt ut til offentleg ettersyn i desember i fjor, ba Os kommune Statens vegvesen om eit kostnadsoverslag.

Det førte til ny informasjon for kommunen og utbyggar: Skal Hatvikvegen utbetrast så blir det heile strekket i full fylkesvegstandard, altså breiare veg med to kjørefelt og gang- og sykkelveg frå Hauge til ferjekaien på Hatvik.

Når utbyggar internt i byggefeltet skal bruka 100 millionar kroner på infrastruktur kan ytterlegare 320 millionar kroner blir mykje - før første eigedom er selt.

Vil sjå på alternativ løysing

I dispensasjonssøknaden som blei godkjent i førre veke ligg gang- og sykkelveg i Midtbøvegen som midlertidig, alternativ løysing for mjuke trafikantar i første del av byggeperioden.

– Det er mogleg vi får til ei anna løysing. Det er litt tidleg å seia noko enno, men vi har nokre diskusjonar gåande, seier ordføraren.

– I plan- og bygningsutvalet kom Harald Døsen (Ap) med forslag om alternativ løysing, å berre bygga fylkesvegstandard med gang- og sykkelveg fram til Klyva. Er det dette alternativet de ser på?

– Nei. Men å bygga ein heilt separat gang- og sykkelveg parallelt med fylkesvegen er verdt å sjå på. Kva vi får til er vanskeleg å seia, det er blant anna fleire grunneigarar langs vegen, men vi vil gå nokre rundar og sjekka om det er andre aktuelle alternativ enn Midtbøvegen.

– Må prøva å finna løysingar

I møtet i PBU fortalte Tom Arne Olsen frå Bjånes Fjordboliger AS både om kostnad og risiko, at det vil ta minst fem år før det kanskje kjem gang- og sykkelveg og ny standard på Hatvikvegen.

– Den risikoen kan vi ikkje ta om vi ikkje har ein dato for når dei første kan få flytta inn, sa Olsen.

På direkte spørsmål om utbygginga blir uaktuell om ikkje det kom dispensasjon svarte Olsen at selskapa bak Bjånes Fjordboliger AS då truleg vil bruka pengane andre plassar. Han trur heller ikkje det er andre firma i området som har finansielle musklar nok til å ta denne utbygginga.

Bak Bjånes Fjordboliger AS står OBOS Stor-Bergen, Lie-gruppen, Milepel AS og GSE Sandvik AS.

– For å vera ærleg, så trur eg ikkje det er andre enn våre eigarar som har musklar nok til å gjennomføre dette, svara Olsen.

I lesarinnlegga blir Søviknes og resten av den politiske posisjonen i Os skulda for å dansa etter utbyggar si pipe.

– Korleis opplever du dette?

– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt, og det er i alle fall ikkje ein realitet.

– Vi er like opptatt av trafikksikring som andre, men må prøva å finna løysingar som er realiserbare så ikkje heile prosjektet stoppar opp.

– Bjånes er ei stor og viktig oppgåve, det er trass alt kommunen sin største arealreserve til bustad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.