Næringsliv | 12. juni 2014

Leganger-hjørnet er selt

– Dette er eit av dei viktigaste hjørnebygga i Os sentrum, meiner kjøpar.

Leganger-hjørnet er selt
Øyro 33 har lagt ute for sal i over eit år. No er det selt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juni 2014 09:28

Joa Gruppen, som frå før eig Bjørnegården i Brugata, kjøper seg opp i Os sentrum.

– Bygget er stort og fint og er allereie eit av dei viktigaste hjørnebygga på Osøyro, seier André Angelskår om eigedomen på Øyro 33.

I går ettermiddag fekk han aksept for å gå for kjøpet av Karin Leganger sitt bygg frå 1987, også kalla Leganger-hjørnet og Gjensidige-gården.

Huset er 200 kvadratmeter på grunnplanet og har til saman tre nesten like store etasjar.

I Bydraget - med p-hus som nabo

Bygget ligg allereie fint plassert med god eksponering mot Byvegen og Os terminal som nærmaste nabo.

– Vi har eit langsiktig perspektiv på investeringane våre i Os sentrum og har stor tru på at Øyro blir meir og meir attraktiv som stad å bu, jobba og handla.

Os kommune jobbar med prosjektet «Liv på Øyro», der gata som heiter Øyro er del av «Bydraget», som nyleg har vore ute på arkitektkonkurranse.

Over Os terminal er det no ute arkitektkonkurranse på eit parkeringshus.

– Har hatt fleire interessentar

Bygget blei reist i 1987 på tomta der Karin Leganger vaks opp i Os sentrum.

Karin dreiv damemotebutikken Leganger i huset i nesten 20 år, til ho la ned og leigde ut til ulike firma, blant anna Gjensidige på gateplan.

I januar i fjor fortalte ho at ho heller ville selja enn å leiga ut vidare.

– Det stemmer at Joa Gruppen går for kjøp, men det er ganske ferskt, så eg vil førebels ikkje kommentera handelen.

– Interessa har vore stor, men det er i ein prisklasse der det kanskje ikkje er så mange aktørar, og dei som har vore mest interessert til no har ikkje fått finansiering.

Ventar litt med overtakinga

Overtakinga blir 1. november.

– Vi har ein del andre prosjekt i Os sentrum for tida og rekk derfor ikkje handtera denne eigedomen før ut på hausten, seier Angelskår.

Joa Gruppen held blant anna på å bygga nye leilegheiter i Bjørnegården, leilegheiter som skal seljast etter ferien.

Dei har nyleg også fått ny leigetakar i det tidlegare postlokalet på gateplan i Brugata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.