Paul Lekven (t.v.) hadde kort i sone 3, men kom tidleg ned i sone 2 for å sjå om Leif Juvik fekk napp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tam start på opningsnatta

– Det kan bli betre når det blir flo, seier Leif Juvik, 30 minutt ut i årets sesong i Oselvo.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ved midnatt natt til torsdag 15. juni gjekk startskotet for årets fiske i Oselvo.

Leif Juvik hadde, for første gong på mange år, fått seg plass i attraktive sone 2 opningsnatta.

Har du fått fisk? Kontakt Midtsiden på tips@midtsiden.no eller 97975200

– Det er Jon (Grindevoll) som fekk kort, eg var heldig og fekk vera med. Vi har òg kjøpt kort natt til fredag, så det blir ikkje mykje søvn desse nettene før helga, seier Leif.

Det er loddtrekning i dugnadsgjengen i Os Jakt og Fiskelag på kort og plassering for opningsnatta. Fiskekort resten av sesongen (fram til 15. september) blir selt på inatur.no.

Venta på laks - og kalv

Sone 2 er einaste plass Juvik fekk laks i Oselvo i fjor.I kveld var han på plass allereie klokka 22 «for å gjera klar stengene».

– I går sto eg på hyttetaket her og såg ein del fisk, men dei var ikkje så store. I kveld, mens eg sto med ryggen til, høyrde eg eit enormt plask. Eg skvatt til! Det står minst éin stor fisk her, men det spørs om han bit.

Jon Grindevoll var òg spent på dei første timane i elva, men måtte samtidig følgja med på telefonen.

– Det kom ein kalv førre natt og det kan koma to til no i natt, så eg må følgja med. Skjer det noko i fjøsen så må eg ringa dyrlege.

Hadde ein på kroken

Mens Paul Lekven, som hadde kort i sone 3, kom nedom sone 2 for ein prat, var det action i sone 1.

Der står Kjell Olsen, som fekk årets «Oskar» i 2010, og Svein Hansen, som fekk den største som blei tatt opningsnatta i 2015.

– Eg hadde ein fisk på kroken rundt fem minutt etter start. Det var bra storleik på den, og den var på kroken ei stund, men han kom seg dessverre av, fortviler Kjell i 1-tida.

Hansen og Olsen vil gå ned i sone 0 på full flo. På flo sjø (klokka 02.53) ventar også Juvik at fisket kan bli betre.

I fjor tok det 12 dagar etter opning før årets «Oskar» (første laks tatt av medlem i Os JFL) blei kåra. Då var det Remi Bårtvedt som tok laks på 5,0 kilo i sone 2.

Desse har tatt «Oskar» dei siste 10 åra:
2016: Remi Bårtveit - sone 2 - 5,0 kilo
2015: Paul Lekven - sone 2 - 3,1 kilo
2014: Johnny Lund - sone 2 - 7,5 kilo
2013: Nils Ekerhovd - sone 2 - 7,5 kilo
2012: Tor Åge Thuen - Kremretten - 6,5 kilo
2011: Ove Tumyr - sone 2 - 4,2 kilo 
2010: Kjell Olsen - sone 4 - 3,9 kilo
2009: Atle Kolltveit - Kremretten - 8,6 kilo (årets første, uvisst om det var medlem/Oskar)
2008: Nils Ekerhovd - sone 2 - 7,4 kilo
2007: Paul Lekven - sone 2 - 6,3 kilo 

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Det kryr av talent her

28. juni 2017

Bildeserie: – Og det dukker stadig opp nye, seier friidrettsnestor Jan Borgen om årets friidrettsskule på Kuventræ.

bilde-midtsiden

Brann i takkonstruksjon

28. juni 2017

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

bilde-midtsiden

Kva skal OBEAS driva med?

28. juni 2017

Generalforsamling i Os bygg og Eigedom AS. Formannskapet etterlyste tydeleg strategi for selskapet.

bilde-midtsiden

Speler finale i Sør Cup

28. juni 2017

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

bilde-midtsiden

No kan du velja sjølv!

28. juni 2017

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private...

bilde-midtsiden

Lager opningsfest for takterrassen

27. juni 2017

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.