Alexander Mjånes Tøssebro, her etter skåring i 15-0-siger over Fitjar i treningskamp med Os 2 i vinter. (Foto: KVB)

Toppskårar tatt opp i A-stallen

El Fakiri har tatt Norway Cup-finalist Alexander Mjånes Tøssebro (17) inn i varmen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Han skåra i A-lagsdebuten, 20 minutt etter at han kom innpå for Thomas Lunde Fosen (19), då Os slo Odda 4-0 i NM-kvalifisering. No har Tøssebro fått Fosen, som har reist vekk på skule, sin plass i A-stallen.

– Alexander har teknikk, fart og stor arbeidskapasitet. Han kan brukast som både spiss, hengande spiss og kant, og han viste i Norway Cup at han både er frisk og har halde på målteften etter skaden i vår, seier Hassan El Fakiri.

Tre månadar utan kamp

Tøssebro var ubrukt reserve i andre NM-kvalik, men spelte frå start då Os stilte ungt i første NM-runde senior, mot Nest-Sotra, 26. april. Os tapte 1-4 og Alexander blei skadd.

«Rundt 80. minutt kom ei takling som vi høyrde lyden av over heile banen. Rune Aasheim Mo fekk gult kort, Alexander Tøssebro vrei seg i smerte og måtte hjelpast av banen. Ein Zlatan-skade», skreiv vi etter kampen.

– Eg byrja å trena med ball igjen i slutten av juni. Min første kamp etter NM-runden med A-laget var med G17 i Norway Cup mot Bremnes.

Os vann kampen 7-0 og tok seg som kjent til finalen. Tøssebro blei laget sin toppskårar med 8 mål i turneringa.

– Det var godt å spela kamp igjen og fint å oppleva at eg er heilt skadefri. Eg kjente ingenting i kneet gjennom turneringa.

7-8 spelarar skal rullera

Tøssebro har frå før, saman med Knut Jordal frå Lysefjorden og Ole Martin L. Kolskogen og Tobias Nøss frå Os, vunne finalen i Dana Cup med Fyllingsdalen. Alexander vaks opp i Lysekloster, gjekk til Fyllingsdalen sitt satsingslag då han var 13 år og følgde spelarutviklar Frode Lohne Sæle til Os i 2015.

Han hadde akkurat kome heim då han søndag fekk tekstmelding frå Os 2-trenar Karl Kvile, om opptak til A-stallen.

– Eg trente litt med dei i vinter og var glad då eg fekk debut i NM-kvaliken. Måndag var eg på trening og då tok Hassan imot meg. Eg er veldig gad for no å vera tatt opp i stallen.

Ved sidan av Tøssebro er det fleire frå juniorane på Os 2 som no skal rullera på å trena med A-laget.

– Vi vil saman med Karl Kvile finna 7-8 spelarar som to og to får ei veke hos oss. Det er fleire flinke som vi ønskjer å bli betre kjent med, og som skal få prøva seg saman med klubben sine beste, seier El Fakiri.