Lokal | 07. juni 2011

1 av 4 selte

Juvente har gjennomført ein skjenkekontroll i butikkar i Os. I éin av fre butikkar fekk ungdomen kjøpa alkohol.

1 av 4 selte
Andris Hamretirsdag 07. juni 2011 07:05

Før jul gjekk ungdommar i 14-16 årsalderen inn i 295 daglegvarebutikkar i hele landet for å testa om dei fekk kjøpt alkohol. I omlag halvparten av butikkane fekk dei kjøpt øl, rusbrus eller cider.

På Os fekk Eurospar, Meny og dei to Rema1000 butikkane besøk frå Juvente sine kontrollørar. Ein av dei slapp ungdommen gjennom med alkohol i handleposen.

Adrian Farner Rogne i Juvente meiner kommunens kontrollar er for dårleg og at kommunane må bli strengare ovanfor butikkar som bryt loven.

- For å få slutt på alkoholsal til mindreårige må kommunane ta av seg silkehanskane. Dei må skjerpe kontrollen av butikkane og inndra løyvet om ein butikk blir teken i å selge alkohol til mindreårige, seier Rogne.

Realistiske kontrollar

Juvente fortel at dei gjennomførte kontrollane ved at ungdom, hovudsakeleg i 14-16 årsalderen, har gått inn i butikken og plukka med seg alkohol pluss ei anna ordinær daglegvare og forsøkt å betala for dette i kassa.

- Om dei får betala for varen forlet dei butikken og registrerer forsøket som sal.

- Dei freistar aldri å framstå som eldre enn det dei er, til dømes med sminke eller ved å vifte med bilnøklar. Dei plukker heller ikkje med seg "vaksenting" som bleier eller lignande eller bruker falsk legitimasjon, forklarar Rogne i ei pressemelding.

Juvente er ein frivillig ungdomsorganisasjon som jobber mellomanna mot rusproblem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.