Næringsliv | 05. apr. 2024

Midtsiden - no som eigen app!

Gratis for alle: No kan du lasta ned og bruka app til å lesa lokale nyhende frå Midtsiden. Skru gjerne også på varsel.

Midtsiden - no som eigen app!
No kan du lasta ned, bla og lesa lokalt nytt på ny Midtsiden-app. Med varslar, om du ønskjer, anten du har arbeidsnevar eller nydesigna neglar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. apr. 2024 11:13

Midtsiden har vore gjennom fleire tekniske oppgraderingar og redaksjonelle utvidingar det siste året.

I dag har vi gleda av å lansera vår eigen app.

Det betyr, mellom anna, at du kan få pushvarsel når det skjer noko du brått bør få veta om - eller i det vi publiserer er sak vi reknar med det er stor interesse for.

  • Det einaste du treng å gjera er å skru på nyheitsvarslar i appen.
  • Der kan du òg skru på ønskje om å motta nyheitsbreva våre.
  • Begge delar kan du enkelt skru av og på etter ønskje.

I appen finn du naturlegvis òg kontaktinformasjon, om du for eksempel vil tipsa oss eller har spørsmål.

Appen er gratis og tilgjengeleg for alle, men for å få tilgang til alle sakene må du vera abonnent.

OBS! Du kan ikkje teikna abonnement i sjølve appen, dette må du gjera på Midtsiden.no i ein nettlesar på mobil, nettbrett eller pc.

Her kan du lasta ned appen

  • Appen er tilgjengeleg for alle med smarttelefon
  • Om du brukar iPhone kan du lasta ned appen frå App Store på apple.com/no/app/midtsiden
  • Brukar du ein Android-telefon, som Samsung, Google Pixel eller anna merke, kan du lasta ned appen frå Google Play Store på play.google.com

Dersom du har problem med å lasta ned appen, eller treng hjelp med noko, kontakt oss på support@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.