Lokal | 19. aug. 2019

1 million kroner til ungdomsfond

Lesarinnlegg: Vi vil at ungdomen skal ha reell makt og innflytelse, både i nærmiljøet sitt og over framtida si.

1 million kroner til ungdomsfond
Trine Lindborg, ordførarkandidat for Bjørnafjorden Arbeidarparti. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. aug. 2019 06:47

Barn og ungdom er framtida, og derfor er det viktig at vi satsar på dei. Arbeiderpartiet vil oppretta Ungdomens kommunestyre i Bjørnafjorden, og vi vil at det skal bli noko meir enn eit høyringsorgan. Altfor ofte blir barn og unge lytta til utan eigentleg å bli tatt på alvor. Vi vil at dei skal ha reell makt og innflytelse, både i nærmiljøet sitt og over framtida si.

Derfor vil Arbeiderpartiet oppretta eit ungdomsfond på 1 million kroner, som ungdommens kommunestyre skal disponera.

Enkeltpersonar, elevråd og frivillige lag og organisasjonar skal kunna søkja Ungdomsfondet om midlar til tiltak som kjem barn og unge til gode. Kanskje er det ein ungdomsgjeng som ønskjer å bygga eit stupebrett i den lokale badevika, eller eit grendalag som vil bygge ei skaterampe i nærmiljøet, eller eit ungdomslag som vil arrangere LAN-party, eller ein musikkfestival som treng støtte til å leiga inn ein artist som ungdommen faktisk ønskjer å høyra på.

Vi trur ungdommane sjølv er mykje betre skikka enn middelaldrande politikarar til å svara på kva ungdomane ønskjer seg. Kanskje ville dei ikkje støtta nokre av dei eksempla vi gav over. Kanskje dei heller vil støtta ein haldningskampanje mot kroppspress, eller kurs i kompostering for å motverka klimaendringar, eller støtte til julegåver til barn som veks opp i fattigdom, eller utbetring av ein tursti slik at klassekameraten med rullestol òg kan delta når det er turdag på skulen?

Vi trur på ungdommane. Vi trur at tiltak dei sjølv har fått velja ut vil bli mykje meir vellykka enn tiltak som vaksne har synsa seg fram til, sjølv om dei vaksne har synsa i aldri så god tru og meining. Vi trur ungdom har godt av sjå at ei sak dei brenn for kan bli realisert, om dei er villig til å jobba for den. Vi trur ungdom veks på å bli vist tillit og få ansvar.

Vi trur òg ungdommane lærer av å gjera feil. For over tid kjem dei heilt sikkert til å kasta nokre kroner ut vindauget på mislykka prosjekt. Men heilt ærleg! Heller ikkje i vaksenpolitikken manglar det prosjekt som er for dårleg utgreidd og der budsjetta sprekk så det susar etter, både her til bygds og andre stader.

Arbeiderpartiet tar dei unge på alvor, vi visar dei tillit, og vi gjev dei ansvar.

Bjørnafjorden Arbeidarparti
Trine Lindborg, ordførarkandidat
Gisle Hesjedal, 4. kandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.