11 forelegg på 3 timar
UP sto med laseren to stadar i Os i går. Dei største syndarane må ut med 6500 kroner kvar.
Tysdag ettermiddag hadde utrykningspolitiet to trafikkontrollar i Os.
Frå klokka 15.30 til 17 sto dei på Lepsøyvegen mellom Thuen og Solbakken.
– Der blei det 6 forelegg, høgaste fart var målt til 73 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
3 km/t høgare fart og vedkomande ville blitt fotgjengar. 6500 kroner i forelegg svir truleg litt likevel.
Etter Lepsøyvegen sto Hatvikvegen for tur.
Fram til klokka 19 blei det skrive ut 5 forelegg, høgaste fart i 50-sona var 71 km/t, som kvalifiserer til same storleik på forelegget som 73 km/t.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.