Kultur | 12. jan. 2010

150 på første forelesing

- Oppslutnaden var overveldande, folk kom og tok oss i handa og takka for initiativet, seier Aase Rokne.

150 på første forelesing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2010 12:21

- Behovet for å læra sluttar ikkje ved pensjonistalderen. Dagens pensjonistar er aktive, dei reiser meir og dei held seg i form. Samstundes er behovet for ny kunnskap noko som varar livet ut, sa styreleiar Aase Rokne då vi intervjua ho i november.

Det gjeld tydelegvis mange i Os.

I haust blei Os Senioruniversitet oppretta, med plan for første semester våren 2010 og første forelesing måndag 11. januar.

Les òg:
Klar for første semester

- Vi fekk tidleg god respons, og selte fleire semesterkort før jul. No har vi selt alle dei 130 semesterkorta vi hadde planar om å selja.

Vannvittig start
I går klokka 11 på formiddagen var det offisiell opning og første forelesing.

- Det blei ein vannvittig start, med 150 i salen og nokre fantastiske foredrag, seier Rokne.

Temaet var eldreomsorg og ordførar Terje Søviknes, som også sto for sjølve opninga, heldt saman med fagleiar Kari Wågsæther foredrag.

- Eg vil på vegne av Os kommune takka initiativtakarane! Dette er eit glimrande tiltak som ikkje uventa har fått veldig god respons, seier Søviknes.

- Kjenner du stemninga?
Også dei som sat i salen skal ha vore nøgde med tilbodet.

- Fleire kom og tok oss i styret i handa og takka for initiativet. Venninna mi Randi Lekven, styremedlem og ein av oss initiativtakarar, kom bort til meg og sa: «Du kjenner vel stemninga?».

- Det var litt kaldt i lokalet i starten, men med 150 i salen og servering av kaffi og vaflar fekk vi varmen i oss, og stemninga var veldig god.

Plass til fleire?
Senioruniversitetet brukar Kløvertun til forelesingane. Lokalet har kapasitet til 200 «studentar».

- Dei som har kjøpt semesterkort har førsterett, men vi vil også ha nokre ledige plassar til dei som vil droppa innom. Det kan likevel henda at vi sel yttarlegare 20 semesterkort, det skal vi diskutera på evalueringsmøte onsdag, seier Rokne.

Kvinnedag og kommunikasjon
Neste forelesing er måndag 8. mars. Temaet er dialekt og kommunikasjon, og forelesinga er todelt.

Først ut er 1.amanuensis ved Høgskolen i Bergen, Reidun Hernes, som skal snakka om talemålsvariasjon og endring i Osmålet.

Den andre delen skal Osingen-redaktør Barbra Røttingen stå for. Den handlar om kroppspråk, dialekt, stemmebruk og antrekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.