Lokal | 06. nov. 2009

1500 nye dosar

I dag kom ny forsyning med vaksine mot svineinfluensa. Til no har berre 10 osingar fått konstatert smitte.

1500 nye dosar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. nov. 2009 13:01

Måndag 19. oktober kom til saman 1000 dosar vaksine mot svineinfluensa til Os. I dag kom nye 1500 dosar.

- Dette er truleg nok til å vaksinera både alle dei som er i risikogruppa, og prioritert andre prioriterte grupper, som helsepersonell, seier smittevernlege Jan Rune Stangeland til Midtsiden.no.

- Men vi treng nye forsyningar for å starta massevaksineringa av osingane, legg han til.

Kor tid ny ladning kjem er uklart.

- Det skal koma i slutten av november. Vi plar få melding veka i forkant.

10 stadfesta smitta
Som kjent er det berre folk i risikogruppa, eller i omgangskrinsen til personar i risikogruppa, som får stadfesta ved prøve at dei har influensa (H1N1). I Os er det mellom 1700 og 2000 i risikogruppa.

- Til no har 10 personar fått stadfesta svineinfluensa, seier Stangeland.

Det er fleire enn desse 10 i Os som er smitta, men Stangeland har ikkje fått meldingar som tyder på at lokalsamfunnet i Os førebels er hardt ramma influensaen.

Ikkje eksplosivt i Os
I førre veke, veke 44, skaut influensasmitta fart i Noreg. 9,1 prosent av dei som var til lege fekk stadfesta influensaliknande symptom.

- Det er ei auke i Os òg, men eg vil ikkje kalla den eksplosiv.

- Er det enkeltpersonar i Os som har blitt alvorleg sjuk av influensaen?

- Nei, det har eg ikkje fått meldingar som tyder på, seier smittevernlegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.