Sport | 27. mai 2009

160 tar turen til Hamar

For to år sidan stilte Os med eitt lag i Storhamar Cup, i fjor med fire. I pinsen i år blir det ein skikkeleg klubbtur til det som blir kalla verdas største handballturnering under eitt tak

160 tar turen til Hamar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2009 09:45

Os Turn Handball stiller i pinsen med 11 lag og 125 spelarar og lagleiarar i Storhamar Cup. I tillegg tar rundt 40 foreldre frå Os turen til Vikingskipet.

– Endeleg har vi klart å laga ein skikkeleg klubbtur der "alle" er med, seier ein entusiastisk, Andris Hamre, turgeneral for store og små.

- Heilt sidan eg involverte meg i handballen i Os har det vore snakk om gode gamle dagar, tida då heile klubben reiste på felles turnering og hadde det sosialt og kjekt saman. No ser eg fram til å oppleva noko liknande, at vi reiser 11 lag saman på tur trur eg har veldig mykje å seia for klubben, ungane og vi som er med som leiarar.

Sportslege utfordringar
Os Turn Handball reiser med 5 gutelag (G11, 12, 13, 14 og 16) og og 6 jentelag (2 x J12, 2 x J13, J14 og J15). Laga møter andre lag fra store delar av landet, blant anna Byåsen, Kolbotn og Skarphedin.

– Det å møta nye lag er noko av det som er mest spennande med å reisa på cup. Det vi kanskje er mest spent på er nivået dei andre stadane i landet. Vil fylkesmeistarane våre i J12 (som no er J13) nå opp i konkurransen? Vil gutane våre, som har gjort det skarpt i serie- og cup her heime, matcha laga frå Trøndelag og Austlandet? Det skal bli spennande å sjå, sier Hamre.

Uansett korleis det går med det sportslege, blir det nok ein fin tur. Men både spelarar og trenarar håpar sjølvsagt på å sjå osingar ta seg til A-sluttspel sundagen.

- Klarar lag frå Os å gå heile vegen til finalen kan eg garantera at det blir liv i Vikingskipet, seier Andris.

Kampoppsettet finner du her

Flott sesongavslutting
Klubben reiser med tog frå Bergen fredag morgen og kommer kjem heim først måndag ettermiddag.

– Det blei ei natt ekstra på oss, fordi NSB ikkje kjører toget mellom Oslo og Bergen natt til 2. pinsedag, forklarar turgeneralen.

- Men vi tar det med godt humør og steller i stand med pizzakveld på Hamar sundagskvelden.

Osgjengen skal bu i internatbustadar på Toneheim Folkehøgskule, eit par kilometer frå Vikingskipet. Der blir det grilling, pizzaaften og sosiale aktivitetar på tvers av laga.

- Den sosiale delen er sjølvsagt eit viktig element når vi er på tur. Vi skal ha det kjekt saman, heia på kvarandre og visa austlendingane at gjengen frå Os kan skapa liv og god stemning både på og utanfor banen. Det er motiverande å få ei slik avslutting på sesongen, avsluttar leiaren for Os Turn Handball.

I løpet av pinsen kan du kan følgja laga og lesa reisbrev på osturn.no/handball.

Fakta om H20 Storhamar Cup:
• Namnet H2O STORHAMAR CUP er nytt av året, men det er 15. gong turneringa blir arrangert i Vikingskipet.
• H2O STORHAMAR CUP er ei turnering for gutar og jenter i alderen 9 til 16 år.
• Alle kampene blir spelte i det fantastiske OL-anlegget Vikingskipet på Hamar.
• kampane går på 10 banar, samstundes, og er med det verdas største handballturnering under same tak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.