Lokal | 02. mars 2020

17-åring på køyretur igjen

Tok sin andre ulovlege biltur på under eit døgn.

17-åring på køyretur igjen
Politiet mista kontakt med den unge bilisten, men så dukka han opp igjen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mars 2020 09:27

Litt før klokka 3 natt til laurdag blei ein mindreårig bilist stoppa og meldt for køyring utan førarkort i Os sentrum.

Laurdag ettermiddag, i 17.30-tida neste dag, blei same bilist observert igjen.

– Patruljen la seg etter, men då var bilen kome frå dei, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

(Vi skreiv først at bilen køyrde ifrå politiet, men det skal ikkje vera tilfelle).

Patrulje søkte etter bilen, og sto på ein sideveg då den ti minutt seinare kom tilbake.

– Då blei bilen stoppa. Bilførar, ein 17 år gamal gut, er meldt. Han hadde med seg ein passasjer.

Foreldra, som har vore på reise i helga, er varsla. Bilførar kan rekna med å måtta venta ei stund etter at han har fylt 18 år før han kan ta førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.