Kultur | 10. mai 2023

17. maiprogrammet er klart

Her er innslaga og klokkesletta.

17. maiprogrammet er klart
Toget i 2022. I år kjem dei inn motsett veg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mai 2023 08:22

Opplegget er nytt for 17. maimarkeringa i Os sentrum i år, i hovudsak med at talar og song kjem før avmarsj.

I tillegg er ruta toget skal gå annleis enn før, ned Byvegen, rundt Irisfabrikken mot klokka, inn bussterminalen med slutt ved Fana Sparebank.

Vêrmeldingane er foreløpig gode. Som dei ofte e for grunnlovsdagen:

I dag er frist for lag og organisasjonar å melda seg på. I år er premiering av mest stilige og mest morosame innslag tilbake.

Tysdag la kommunen ut programmet:

Årets 17. mai-program på Osøyro opnar tradisjon tru med janitsjar, og rundar av med tradjazz.

Hovudprosesjonen startar klokka 12, etter talar, song og helsingar i Minneparken.

08.00 Os musikkforening speler i Finnebrekka
10.00 Gudsteneste i Os kyrkje

10.50 Festprogram i Minneparken
Song ved Os Mannskor
Helsing frå ordførar
Tale ved russepresident
Song og talar frå Kuventræ barneskule
Os Musikkforening speler til allsong

11.30 Oppstilling til hovudprosesjon frå Giskavollen
12.00 Avgang 17. maitog
13.00 Avslutting av fellesfeiring på Torget

17.00 Konsert på Oseana med Osøren Jazzensemble og Marita Moe Sandven

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.