Lokal | 14. feb. 2020

17 manglar på 25 kontrollerte bilar

Statens vegvesen hadde to kontrollar i Os i går.

17 manglar på 25 kontrollerte bilar
Statens vegvesen var på Halhjem og i Hjellemarka (bildet) i går. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. feb. 2020 08:31

Torsdag ettermiddag og kveld hadde Statens vegvesen trafikkontroll på Halhjem og i Hjellemarka på E39 i Os.

– Vi kontrollerte både lette og tunge køyretøy. 33 bilar blei stoppa, 25 av desse tok vi ein nærmare sjekk på, skriv Knut Namtvedt Sylta i rapporten.

10 køyretøy fekk skriftlege manglar grunna blant anna feil med lys, manglande skjerming av hjul. Fleire av desse fekk også krav om etterkontroll hos ein godkjend verkstad eller hos Statens vegvesen.

Det vart gitt tre gebyr for manglande kjetting, og to skriftlege og ei muntleg åtvaring for brot på køyre- og kviletidsbestemmelsane.

– I tillegg blei det to bruksforbod, det eine grunna manglande lastsikring, det andre for ikkje å ha medbrakt vognkort på utanlandsk registrert semitrailer. Denne føraren fekk òg 500 kroner i gebyr.

– I tillegg tok me nokre stikkprøvar på beltebruken i buss, og informerte rundt dette. Bruken kunne absolutt vore betre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.