Sport | 23. mai 2014

19-2 på to kampar

Fotballdamene til Os har hatt ein god start på sesongen. Også jentelaget held seg i toppen.

19-2 på to kampar
Guro Drange Veglo (t.h.), her i kamp med jentelaget mot Voss, skåra tre mål for damelaget på onsdag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. mai 2014 07:46

Bildeserie:

Linda Johansen skåra også onsdag. (Arkivfoto: KVB)
Linda Johansen skåra også onsdag. (Arkivfoto: KVB)
Tina S. Lindbom frå J14 gav J16 2-1-leiing mot Voss. (Foto: KVB)
Tina S. Lindbom frå J14 gav J16 2-1-leiing mot Voss. (Foto: KVB)
1 av 2
Linda Johansen skåra også onsdag. (Arkivfoto: KVB)
Tina S. Lindbom frå J14 gav J16 2-1-leiing mot Voss. (Foto: KVB)

Damelaget til Os starta serien med 0-4-tap for Askøy, som kan sjå ut til å bli suverene i 4. divisjon avdeling 3.

I neste kamp vann Os 12-1 borte over Tertnes 2 og onsdag spelte dei heime mot Bjarg.

Os - Bjarg 7-1
Målskårarar, Os: Guro Drange Veglo 3, Andrine Døsen, Linda Johansen, Tonje Stamnes Lindbom, og Karoline Thorsvik.

Os ligg med det på 2. plass etter tre spelte kampar.

Utan hovudtrenar

Damene gjekk vinteren gjennom utan å få ny trenar etter at Cato Moldskred fekk ny rolle i klubben.

– Heldigvis har Cato stilt opp likevel, utan han hadde vi nok ikkje hatt noko lag, seier oppmann Tore Nøss.

– I tillegg har vi fått god hjelp av tidlegare dametrenar, Rune Balland, som har leia laget i dei to siste kampane.

Mot slutten av vinteren byrja damene å trena fast med jentelaget, som har fått med Ragnhild Eide (tidlegare jentelagtrenar og mor til Toppserie-spelar Åsne Takle Eide) som ny trenar.

– Éin dag i veka blir damene og jentene leia av Ulf Thorsnes, som har mange år bak seg i Arna-Bjørnar.

Nye spelarar og utvida samarbeid

Fire spelarar, Heidi Kloven, Caroline Nilsen, Kathrine Helland og Silje Færøvik Pedersen, gav seg på damelaget i haust.

– Men vi har fått fire nye, to frå Fusa, Karoline Thorsvik og keeper Jeanette Kallekleiv, som er tilbake.

Førre sesong brukte seniorlaget 2-3 spelarar frå Os J16, i år er 5-6 spelarar med og speler seniorfotball i tillegg til jentefotball.

Os J16, som har vore i toppen av 1. divisjon sidan dei byrja å spela 11-arfotball, starta sesongen med tre sigrar på rad, men sleppte inn ei 2-2-skåring kort tid for slutt mot Voss i førre heimekamp.

Etter dette har dei hatt eitt tap og éin siger, og om dei tar tre poeng borte mot Odda i helga er dei tilbake på 2. plass på tabellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.