Sport | 09. nov. 2012

2 av 3 vil forsvara tittelen

MidtsidenCup 2012: • Utvida påmeldingsfrist• Her er nokre av laga og spelarane

2 av 3 vil forsvara tittelen
Espen Kopperud og Beliebers er klare for å forsvara tittelen i mixklassen i årets MidtsidenCup. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. nov. 2012 13:58

I dag går den opprinnelege påmeldingsfristen til årets gatecup på Kuventræ ut.

Vi har nok påmeldte lag til at det blir kamp i alle klassar, også dameklassen og den nye klassen for herrar amatør.

Men vi har plass til fleire og utvider fristen til søndag 11.11 klokka 21.00.

Send påmelding til kjetil@midtsiden.no

Her finn du reglar og informasjon

Men då må også påmeldinga innehalda spelarliste. Betaling må skje seinast måndag 11, alternativt ta med cash på Kuventræ FØR kampstart i innleiande rundar (14/15. november).

To av tre tittelforsvararar er påmeldt

Årets tittelforsvararar er T Ullrich (herrar), No name, no fame (damer) og Beliebers (mix). No name, no fame klarer ikkje å stilla lag i år, men det gjer sørenesingane i The Warriors, som kom til semifinalen i fjor og til finalen i 2010.

I år får dei blant anna bryna seg på Fortsatt litt gufs (tidlegare Gufs fra fortiden), med fleire tidlegare Os-spelarar, eit lag som også kom til semifinalen i dameklassen i fjor.

T Ullrich, som har vunne gatecupen to gongar før, stiller i herrar elite. Der får dei blant anna FIFA, ITPD og Gutta Krutt å konkurrera mot.

I mixklassen stiller Beliebers opp for å forsvara tittelen. Blant konkurrentane er Gangsperr Style med Tommy Skorpen frå tidlegare vinnarlaget God STIL, Rett Vest, som kom til semifinalen i fjor og De Standsmessige, med blant anna Dani Bergstø frå Jailbait, som tapte semifinalen 0-1 i fjor.

Kjente fjes - og familiefeider

I spelarlistene vi har mottatt til no finn vi fleire aktive og kjente fotballspelarar frå Os, som Espen Kopperud, Preben Borgen, Joakim Hovden og John Ole Holme Johannessen på Beliebers (mix), Baste Jonassen og Ramo Racic på T Ullrich, Mats Cato Moldskred og Tore Valvik på ITPD og Simen Lassen, Børge Borgen og Vegard Leikvoll Moberg på FIFA.

Det ligg også an til kjemping med og mot nær familie. Superettan-spelar Mats Cato Moldskred slepp å møta bror og far, for Brede og Cato har med seg blant andre søstera Malin og stiller i mixklassen med laget Målskred.

Adrian Walle frå gutelaget til Os har på Gutta Krutt med seg blant andre pappa Rune Walle, Os 2-spelar Isak Røen og motbakkeløpar Klas Færøvik, som sikkert ikkje går tom for pust med det første.

Vegard Leikvoll Moberg risikerer som i fjor å kjempa for FIFA i kamp mot pappa Tryggve på Vågshaugen City i eliteklassen, om city klarer å samla saman troppen innan påmeldingsfristen går ut søndag kveld.

Det er i år 10 år sidan Midtsiden Cup blei arrangert for første gong (sidan Midtsiden fekk namnet på den endå eldre gatecupen til Os Turn).

Vi feirar med rekordstor pokal og premiar til alle spelarane på vinnarlaga!

Les meir på: Midtsiden samleside - MidtsidenCup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.