Sport | 19. aug. 2014

21 mål på 2 kampar

Nore Neset har skåra 80 mål på 9 kampar og siktar seg inn på opprykk. Her er status for 5., 6. og 7. divisjonslaga etter første haustkamp.

21 mål på 2 kampar
Ivar Bøthun i duell for Nore Neset. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 19. aug. 2014 10:06

Samarbeidsklubbane Nore Neset og Søre Neset har hatt ein god start på hausten. Nore Neset/Søre Neset 2 speler i 7. divisjon etter Nore Neset sitt nedrykk i fjor. Dei ser ut til å vera på veg tilbake i 6. divisjon.

Nore Neset/Søre Neset 2 leiar tabellen med 24 poeng (8-0-1) etter 9 kampar. Trott 3 og Loddefjord 2 har 16 og 15 poeng på 8 kampar.

– Vi har toppkamp mot Loddefjord 2 heime til helga. Dei er dei einaste som har slått oss i år, seier spelar Paul-Kristian Haldorsen.

– Kampen er sett opp søndag, men vi prøver å framskynda den til fredag.

Nore Neset har skåra 80 mål på dei første 9 kampane. I vår vann dei blant anna 11-2, 11-0 og 14-0. Hausten starta med 10-1 borte mot Lyngbø 3.

– Arvid Rabben er ein av dei som skårer mykje for oss, men årsaka til at det går så bra er at vi har veldig mange målskårarar.

Søre Neset forbi Søfteland

I 6. divisjon ligg Søfteland og Søre Neset og knivar nær toppen av same avdeling, etter 10 rundar ligg dei på 4. og 3. plass bak Øystese 2 og Sædalen.

Søfteland opna sesongen best, vann lokaloppgjeret 3-2 heime og sto utan tap før møtet med serieleiar Sædalen i siste runde før sommarferien. Der blei det 5-2-tap på bortebane.

Hausten opna heller ikkje så bra, Søfteland spelte 1-1 borte mot Rosendal, som dei slo 6-1 heime.

Søre Neset/Nore Neset starta med tap og uavgjort, men slo blant anna Øystese 2 6-3 borte, det einaste laget Søfteland tapte for før møtet med Sædalen i vårsesongen.

Før ferien slo dei Ny Krohnborg 2 5-1, i første haustkamp blei det siger borte over Eikelandsfjorden.

Heimekampen mot Eikelandsfjorden i serieopninga enda med 1-2-tap, på bortebane i helga blei det ein solid 6-0-siger.

Tap og siger i 5. divisjon

Os 2 tapte 6-3 borte for Stord 2 før ferien. Første kamp i haust gjekk heime mot Rubbestadneset.

På bortebane blei det 1-3-tap, det blei det også på heimebane laurdag.

Lysekloster 2 tapte heile 9-0 for Trott i siste runde før ferien, men borte mot Viggo i første kamp etter ferien gjekk det betre.

Heimekampen mot Viggo enda 2-2, på bortebane halte andrelaget til Lysekloster i land ein 4-3-siger.

Os 2 ligg på 9. plass og Lysekloster 2 ligg på 5. plass på tabellen etter 12 rundar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.